Menn tener framleis mest

Artikkelen fortsetter under annonsen

Er du kvinne, tener du i gjennomsnitt berre 84,9 prosent av det ein mann gjer kvar månad.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen / Scanpix)(Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen / Scanpix)

Det viser ein ny rapport frå Statistisk Sentralbyrå. Rapporten tar for seg fordelinga av økonomiske ressursar mellom menn og kvinner i perioden 1998 til 2005, og tendensen er klar: Det er framleis store lønnskilnadar mellom kjønna.

Skilnadane er størst i privat sektor, og kvinner tener gjennomsnittleg meir i det offentlege enn i det private.

- Menn tener betydeleg meir enn kvinner i privat sektor, seier Kristian Rose Tronstad frå SSB.

- Så det stemmer faktisk at kvinner gjennomsnittleg tener meir i det offentlege. Gjennomsnittleg lønn for kvinner i privat sektor er 26.300, medan den i det offentlege ligg på 26.600 kroner.

Dette er svært stabile tal, ifølgje Tronstad.

- Trass i at likelønn har vore på agendaen lenge. No har jo regjeringa oppretta likelønnskommisjon og skal vere svært medvitne om problemstillinga, likevel er det lite som endrar seg.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Aukar blant høgt utdanna


Det er større lønnskilnadar blant grupper med høgare utdanning enn dei utan. Dei med høgskuleutdanning på lågare nivå (til og med fire år på høgskule) har under 80 prosent av menn si lønn.

Ei forklaring på dette kan ifølgje rapporten vere at kvinner og menn vel ulike utdanningsretningar. Kvinner vel ofte lærarutdanningar eller ei utdanning innan helse- og sosialfag, mens menn ofte vel tekniske og naturvitskaplege fag, som blir verdsatt høgare med tanke på lønn.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Gruppa med høgskuleutdanning på høgare nivå (meir enn 4 år) har i gjennomsnitt 82 prosent av menn si lønn. Dette mønsteret har vore det same i heile perioden frå 1998 til 2005.

Menn får fleire og meir verdifulle frynsegodar


Skilnadane mellom kjønna blir forsterka ved at menn i større grad enn kvinner har ulike bonusar og andre tillegg. For menn har ikkje berre fleire frynsegoder, desse har også høgare skattemessig verdi.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Lønnskilnadane mellom menn og kvinner aukar gjennomsnittleg med eit prosentpoeng dersom ein inkluderer frynsegodene i lønnsomgrepet.

Ujamn inntektsfordeling


Tal frå 2004 viser at hushaldningane til saman hadde 1.025 milliardar kroner i samla inntekt. Kvinner stod oppført med 411 milliardar kroner i inntekt i 2004, eller 67 prosent av mennene si tilsvarande inntekt. Kvinner får i større grad overføringar enn det menn gjer, mens kapitalinntekter i større grad går til menn.

Med andre ord er det framleis eit betydeleg inntektsgap mellom kjønna.