EU planlegg dramatiske klimatiltak

Artikkelen fortsetter under annonsen

EU-kommisjonen ber medlemslanda kutte utsleppa av klimagassar med minst 20 prosent innan år 2020.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

EU-president Jose Manuel Barrosso. (Foto: Reuters /Charlie Bibby / Scanpix)EU-president Jose Manuel Barrosso. (Foto: Reuters /Charlie Bibby / Scanpix)

EU-president Jose Manuel Barroso meiner at klimaendringane krev ein felles europeisk reaksjon, melder BBC.

Dette kom fram då EU-kommisjonen presenterte sin nye rapport for energi og klima onsdag.

- Ein ny politikk er nødvendig for å møte ei ny verkelegheit, og sikre europeiske energiressursar, Europas konkurransekraft og verne om miljøet, sa Barroso.

Kor viktig dette er, vart ikkje minst tydeleg under Russlands oljekrangel med Kviterussland. Natt til måndag stansa dei russiske oljeleveransane til Polen og Tyskland opp. Oljerørledningane går over Kviterussland, som har vore innblanda i ein bitter strid med Russland om gass- og oljeleveransar.

EU-kommisjonen vil særleg satse på fornybar energi, og argumenterer for at dei gamle energikjeldene har politiske så vel som miljømessige kostnader.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Europa må leie verda inn i ein ny, post-industriell revolusjon, med lågare utslepp av klimagassar», seier EU-presidenten.

Ifølgje rapporten er målet at minst tjue prosent av energien skal kome frå fornybare kjelder innan 2020. Dei legg også vekt på kjernekraft, biologisk brennstoff og auka energi-effektivitet.

Dramatiske følgjer av klimaendringane


Ifølgje rapporten vil klimaendringane endre det europeiske økosystemet i det neste hundreåret.

Forskarar i EU har åtvara mot høgare temperaturar som vil øydeleggje europeisk landbruk, samt mykje av dyrelivet, melder Sky News.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tradisjonelle feriestadar vil bli for varme til å besøke, og is og snø vil forsvinne frå fjellområde, noko som vil bety slutten på skiferiar.

Klimaendringane vil også bety fleire dødsfall på grunn av overoppheting, og meir ekstremvêr som orkanar og flodbølgjer.

Delar av Nord-Europa vil derimot tene på klimaendringane, og få betre jordbrukstilhøve, auka strandturisme og færrre dødsfall relatert til vinterkulde.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I rapporten blir det advara mot ein reduksjon av kjernekrafta, som vil gjere det vanskelegare for nokre EU-land å redusere utsleppa av klimagassar.

EU-kommisjonen vil også opne opp den europeiske energimarknaden, og gjere det mogleg å kjøpe gass og elektrisitet fra kor som helst i Europa.

EU har hatt ei sterk politisk stemme i forsøket på å kreve reduksjon av klimagassar også etter at den noverande Kyoto-perioden går ut i 2012. Men på det siste klimamøtet til FN mislukkast dei i forsøka på å diskutere nye målsetjingar.

Ministrane i EU vil mest sannsynleg diskutere forslaget i mars.

Meir om klima i Neste Klikk:

- For seint for Afrika
Oljen leveres ikke
Hva er drivhuseffekten, egentlig?