Meny

Kristen føremålsparagraf for fall

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Bostad-utvalet har allereie signalisert at «kristen oppseding» ikkje blir ein del av dei nye føremålsparagrafane for skulen og barnehagen.

Nye forslag frå utvalet skal og innebere at ein ser barnehage og skule som eitt opplæringsløp med felles føremålsparagraf.

Eit utval oppnemnd av regjeringa skal vurdere den kristen føremålsparagrafen i barnehagen og skulen. (Illustrasjonsfoto: Toyni Tobekk)

I Sora Moria-erklæringa varsla regjeringa at den kristne føremålsparagrafen skulle vurderast, og i mai i fjor sette Kunnskaps-
departementet ned eit utval som skal sjå på føremåla til barnehagane og skulane. Vise-rektor ved Universitetet i Oslo, Inga Bostad, leier utvalet.

Skal vekkje til debatt


Neste veke samlast Bostad-utvalet på Lillehammer for å bli einige om konkrete forslag til føremål som skulane og barnehagane skal arbeide etter. Desse forslaga vil bli offentleggjorte i slutten av januar og vil vere grunnlaget for offentleg ordskifte.

Utvalet sitt mandat er å sjå på føremålet med opplæringa og føremål for barnehagen i lys av samfunnsendringar, det norske verdigrunnlaget og endringar i utdanningssystemet.

Lang tradisjon for kristen oppseding


Den norske grunnskulen slik me kjenner han har eksistert sidan 1739, og skulen har hatt ein kristen føremålsparagraf like lenge. Den noverande føremålsparagrafen for skulen er lang og omstendeleg, fortel leiar i sekretariatet for Bostad-utvalet, Hanna Marit Jahr, til Neste Klikk.

Les også:


- Han ber òg preg av å ha blitt revidert og endra fleire gonger og at stadig nye moment har kome til.

FN kritiske


FNs menneskrettskomite har tidlegare vore kritisk til formuleringar om «kristen oppseding» i skulens føremålsparagraf, og dette har mellom anna ført til ulike endringar i opplæringslova dei seinare åra.

Ingen av dei andre nordiske landa har same livsynsformulering i sine opplæringslover, kan Hanna Marit Jahr fortelje. I den islandske opplæringslova peikast det til kristen moral, medan korkje Sverige, Finland eller Danmark nemner kristent livssyn i sine føremålsparagrafar.

Kjelder: Kunnskapsdepartementet, Aftenposten

Meir om:


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus