Lørenskog kan snu

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Då me vedtok å oppheve den kristne føremålsparagrafen, gjekk det nok litt fort i svingane, seier gruppeleiar i Lørenskog Frp. No kan saka bli tatt opp til ny vurdering.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rett før jul bestemte Lørenskog kommune å oppheve den kristne føremålsparagrafen i dei kommunale barnehagane. Vedtaket vart gjort med 23 mot 23 stemmer, og ordføraren måtte bruke dobbeltstemma si for å få fleirtal.

Ann-Marie Oppegaard er gruppeleiar i Lørenskog Frp. (Foto: Lørenskog kommune)Ann-Marie Oppegaard er gruppeleiar i Lørenskog Frp. (Foto: Lørenskog kommune)

I ettertid har fleire av partia kome i tvil om kor vidt vedtaket er lovleg. Representantar frå Høgre, Venstre, Krf og Frp har no gått saman om å be fylkesmannen føreta ein lovlegheitskontroll av vedtaket.

For dårleg grunnlag


Ann-Marie Oppegaard er gruppeleiar for Lørenskog Frp. Ho stemte for å oppheve føremålsparagrafen i kommunestyremøtet før jul, men no er ho ikkje så sikker på at det var det rette å gjere.

- I ettertid ser me at me ikkje hadde det rette grunnlaget for å gjere eit slik vedtak, seier Oppegaard til Neste Klikk.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg er prinsipielt samd i at ein ikkje bør ha lokale vedtekter som seier at alle barn i barnehagen skal oppsedast i samsvar med kristne grunnverdiar, seier Oppegaard vidare.

- Men etter at me gjorde vedtaket vårt, har det vist seg at det finst ei overordna forskrift som seier noko om korleis den kristne føremålsparagrafen skal tolkast og korleis barnehagane skal leggje til rette for dei barna som til dømes ikkje står i den norske kyrkja.

Ønskjer ny sak


Frp-gruppeleiaren peikar på at det blir misvisande å ha lokale vedtekter som likevel blir overstyrte av nasjonale føringar frå mellom anna barnehagelova.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ordførar i Lørenskog kommune, Åge Tovan (Ap), seier vedtaket om å oppheve den kristne føremålsparagrafen lokalt ikkje får praktiske konsekvensar. (Foto: Lørenskog kommune)Ordførar i Lørenskog kommune, Åge Tovan (Ap), seier vedtaket om å oppheve den kristne føremålsparagrafen lokalt ikkje får praktiske konsekvensar. (Foto: Lørenskog kommune)

- Dessverre var det slik at då kommunestyret handsama denne saka i desember så visste me ikkje korleis det lovverket som finst i dag skulle tolkast. Uansett om vedtaket me gjorde i desember var lovleg eller ikkje, så kan det derfor vere fornuftig å ta det opp til ny handsaming slik at det blir gjort eit vedtak på rett grunnlag, meiner Oppegaard.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ingen praktiske konsekvensar


Ordførar i Lørenskog, Åge Tovan (Ap), måtte bruke dobbeltstemma si for å få avgjort denne saka i kommunestyret. Han vedgår at det å oppheve føremålsparagrafen lokalt ikkje får praktiske konsekvensar for barnehagane så lenge det finst statlege avgjerder som overstyrer det lokale vedtak.

- Ein må nok heller sjå denne avgjerda meir som ei politisk markering og ein kommentar til arbeidet som det regjeringsutnemnde Bostad-utvalet no jobbar med.

Tovan seier barnehagane i Lørenskog framleis må forhalde seg til barnehagelova, og han presiserer at han ikkje trur dei kommunale barnehagane har problem med å handtere kvardagen i tråd med dagens føremålsparagraf.

- Eg vil uansett føreslå for formannsskapet at me sett ned ei tverrpolitisk gruppe som går gjennom dei ulike sidene ved føremålsparagrafane for så å kunne kome med ei fråsegn til Bostad-utvalet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Svært prinsipiell


At dette er ei sak det er delte meiningar om, er ikkje ordføraren i tvil om.

- Under avstemminga i kommunestyret vart alle representantane fristilte, slik at mange stemde på tvers av partilinene og heller i tråd med eiga overbevising. Slik vil det nok bli når og viss me skal kome fram til ei felles fråsegn også. Dette er ei svært prinsipiell sak for mange.


Lørenskog kommune vedtok 13. desember 2006 nye vedtekter for dei kommunale barnehagane. I dei nye vedtektene blir formuleringa «Barnehagen skal hjelpe til med å gi barna en oppdragelse i samsvar med kristne grunnverdier» tatt ut. Kjelde: Lørenskog kommune