Bergensjente blir ny spelekspert i Microsoft

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Gaming er ikkje lenger berre for tenåringar på guterommet. Vi har fått inn søknadar frå den stereotype gameren til godt vaksne fedre og mødre, seier Jan Kristensen frå Microsoft i Norge.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Reuters / Yuriko Nakao / Scanpix)(Foto: Reuters / Yuriko Nakao / Scanpix)

Hausten 2006 etterlyste Microsoft ein person for stillinga som «Xbox 360 Gaming Specialist». Nokre månader og 400 søkjarar seinare fall valet på bergensaren Kristine Jørgensen.

- Kristine blir tilsett for å lære oss endå meir om gaming som livsstil, slik at vi enklare kan nå den stadig veksande målgruppa for å halde fram med å nå målsetjingane til selskapet, seier Jan Kristensen, Country Manager for Microsoft E&D Norge i ei pressemelding.

«Alle» speler i dag


Føremålet med å tilsetje ein Xbox 360 Gaming Specialist er å auke den interne kunnskapen i selskapet om spel som livsstil. Jan Kristensen seier den heterogene massa med søkjarar som har vist interessea for stillinga, aleine viser kor stort behovet er for nettopp ein person som Kristine Jørgensen.

- Spelkulturen har utvikla seg enormt dei siste åra. Det har vakse fram ein ny generasjon som heller brukar tid framfor eit spel enn eit TV-program. Dette skuldast både dagens ekstremt gode spel, men også at dei som i dag er vaksne og i jobb har vakse opp med TV-spel i ein eller annan form.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Marknaden her heilt annleis i dag. No er det ikkje lenger flaut å seie at du speler TV-spel, seier Jan Kristensen på telefon til Neste Klikk.

- Alle speler i dag, både barn og eldre. Det handlar ikkje minst om at grafikk-opplevinga har blitt heilt rå.

Akkurat i speldivisjonen har dei berre 25 prosent kvinner, opplyser Kristensen, så difor synst han det var ekstra hyggeleg at den mest aktuelle kandidaten viste seg å vere ei jente.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Første nordmann med doktorgrad i dataspel


- Så vidt eg veit, er Kristine den første i Noreg som tar doktorgrad i dataspel. Vi kjem til å bruke hennar kompetanse også på den måten at ho kan opplyse skuleverket, reise rundt og halde foredrag på ungdomsskular og høgskular, seier Kristensen.

- Det er syndt at det ikkje finst noko eiga studieretning innanfor dette området her i landet. No må ein ut av landet for å få ei slik utdanning. Det er viktig at Noreg ikkje hamnar bakpå, det er ein stor industri dette her. Spelindustrien omsetter for 50 milliardar dollar i året, opplyser han.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kristine Jørgensen leverer Ph.D-avhandlinga si om lyden si rolle i dataspel 31. januar ved Københavns Universitet.

- Det er eit spennande tidspunkt eg får kome inn i bransjen, då gaming for alvor har nådd breiddepublikumet. Mi rolle i Microsoft vil vere å til ein kvar tid vere oppdatert innanfor spelverda, prøvesepele komande spel, delta på arrangement, samt identifisere, kartleggje og presentere nye trendar innanfor digital underhaldning. Eg gler meg, seier ho.

Om Xbox og Xbox 360


I november 2001 lanserte Microsoft Xbox - det første spel- og underhaldningssystemet til selskapet som no blir selt i heile 26 land. Hausten 2005 lanserte Microsoft Xbox 360 i Europa, Japan og Nord-Amerika. I 2006 blei Xbox 360 lansert i Australia, Colombia, Hong Kong, Korea, Mexico, New Zealand, Singapore og Taiwan.

For meir informasjon, sjå:
XBox.com