Meny

- For seint for Afrika

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Mens nordmenn er uroa over hestehov som blomstrar i desember, har klimaendringane langt meir katastrofale konsekvensar for menneska i Afrika, påpeiker Therese Vangstad i Kirkens Nødhjelp.

Therese Vangstad i Kirkens Nødhjelp var i Nairobi før jul og vitja distrikt som var hardt råka av klimaendringane. (Foto: Kari Mathilde Hestad)Therese Vangstad i Kirkens Nødhjelp var i Nairobi før jul og vitja distrikt som var hardt råka av klimaendringane. (Foto: Kari Mathilde Hestad)

Etter ein uvanleg mild haust har mange fått auga opp for kva som kan bli konsekvensane av dei menneskeskapte klimaendringane. Mens vi her i Noreg vil kunne oppleve meir ekstremvær, høgare gjennomsnittstemperaturar og endringar i havnivået, er klimaendringane eit spørsmål om død og liv i andre delar av verda.

- Enorme utfordringar


- Det er allereie for seint for Afrika. Det hjelper ikkje at vi reduserer klimautsleppa i dag. Kontinentet er alt hardt råka av klimakatastrofen, sukkar Therese Vangstad, som no er trygt tilbake i Noreg etter å ha vitja Afrika før jul.

Til dagleg er Vangstad rådgivar ved Kirken Nødhjelp si utviklingspolitiske avdeling. I tillegg til klimapolitiske spørsmål, har ho også arbeida med hiv-/aids-problematikken og trafficking.

- Min jobb er å påverke politikarane. Eg har skrive mange brev til Jens Stoltenberg, for å seie det slik, seier ho med eit skeivt smil.

I samband med FNs klimakonferanse i november reiste ho på feltbesøk i distrikta rundt Nairobi. Der fekk ho med eigne auge sjå dei store problema som det afrikanske kontinentet slit med som følgje av klimaendringane.

Vangstad fortel at reisa gjorde sterkt inntrykk:

- Tørkeperioden i Aust-Afrika har vart altfor lenge. Der eg var, hadde dei ikkje hatt normalregn på seks-sju år. Konsekvensane er tapte avlingar og matmangel, noko eg fekk sjå med eigne auge, fortel ho.

- Det er mange som ikkje er klar over kor tett fattigdom og klimaendringar heng saman. Vi var på god veg til å reversere fattigdomen i Afrika, men grunna klimaendringane blir heile kontinentet sett tilbake i utviklinga. Det er rett og slett tragisk, seier den engasjerte Kirken Nødhjelps-arbeidaren.

- Kva slags klimaendringar er det eigentleg snakk om?

- For å seie det enkelt: vêret har blitt klin kokos, seier Vangstad med eit lite smil.

- Alt blir meir ekstremt. Tørre område endå tørrare, tropiske eller våte område endå fuktigare. Dette gir unormalt lange tørkeperiodar; ørkenspreiing; flom; erosjon; ferskvatnkjelder tørkar ut; lista er lang.

Samanlikna med andre kontinent har Afrika vist seg å vere særleg sårbar overfor klimaendringar. I nokre land livnærar over 70 prosent av befolkninga seg av landbruk, fiske og fangst, sektorar som toler naturkatastrofar dårleg. Samstundes har land som Etiopia og Somalia store økonomiske, politiske og sosiale utfordringar.

Effekten av klimaendringane blir difor dramatiske for dei sårbare samfunna, mange rekk ikkje å kome seg etter éin naturkatastrofe, før dei blir råka av ein ny.

Ei ung somalisk kvinne med to små barn. 40.000 barn på Afrikas Horn var i fjor vår så underernærte at dei risikerte å dø i løpet av få månader. (Foto: Michael Kamber, UNICEF / Scanpix)Ei ung somalisk kvinne med to små barn. 40.000 barn på Afrikas Horn var i fjor vår så underernærte at dei risikerte å dø i løpet av få månader. (Foto: Michael Kamber, UNICEF / Scanpix)

- Det austlege Afrika er alvorleg råka av regnmangel meir eller mindre annakvart år, fortel Vangstad.

- Alle lid under dette: befolkninga, buskapen og jorda. I tillegg til mangel på mat og vatn kan dei vanskelege tilhøva gjere at konfliktnivået rundt dei allerede beskjedne ressursane blir forsterka, forklarar ho engasjert.

Ifølgje FN sitt klimapanel blir om lag 5000 menneske dagleg tvungne på flukt på grunn av miljø-øydeleggingar. Dei fleste flyktningane kjem frå områda sør for Sahara. Vangstad fortel at menneske som flyktar frå miljøkatastrofer er særleg sårbare, då dei fell utanfor det tradisjonelle flyktningomgrepet.

- Totalt er det alt for lite fokus på Afrika, understrekar ho.

Avhengig av pengar utanfrå


Klimaendringane står ikkje øvst på lista til dei afrikanske styresmaktene. Dei fattigste landa er avhengige av ressursoverføringar, blant anna frå Noreg.

- Ein verdensbankrapport viser at vi treng milliardar av dollar til å bistå land som er utsette for orkan og tørke. Den mykje omtala El Niño-effekten kjem hyppigare og kraftigare. Dette er påvist, og kan ha samanheng med klimaendringane.

Therese Vangstad deltok på FNs klimakonferanse i Nairobi før jul. Ho er ikkje synderleg imponert over innsatsviljen til dei rike landa. Etter hennar meining svarar ikkje reaksjonen og viljen til å gjere noko med problemet til dei dimensjonane klimakrisa har.

Ho fortel at ifølgje klimapanelet til FN må vi redusere verdas samla klimagassutslepp med om lag 60-80 prosent i løpet av nokre tiår for å unngå farlege klimaendringar. Men Kyoto-protokollen krev kun fem prosent reduksjon av klimagassutsleppa.

- Kan ein i det heile tatt snakke om framgang i forhandlingane når verda skrik etter tiltak og det er ekstremt lite som skjer på eit slikt toppmøte? spør Vangstad.

Dei rike landa sin reaksjon på klimaendringane samsvarar ikkje med dei dimensjonane som klimakrisa faktisk har, meiner Therese Vangstad. (Foto: Kari Mathilde Hestad)Dei rike landa sin reaksjon på klimaendringane samsvarar ikkje med dei dimensjonane som klimakrisa faktisk har, meiner Therese Vangstad. (Foto: Kari Mathilde Hestad)

Noko av det ho finn mest frustrerande, er den evige tautrekkinga mellom dei rike og fattige landa. Store, fattige land som India og Kina har ingen forpliktingar når det gjeld avgrensing av utslepp, men Kina kjem til å gå forbi USA om nokre år når det gjeld det høgast totale utslepp av klimagassar.

- Det er alltid ei stor spenning mellom dei rike og dei fattige landa på slike klimakonferansar. Dei rike landa vil presse dei største fattige landa til å forplikte seg. Dette vil ikkje dei fattige landa, kvifor skal dei det, når USA og EU sjølv har gjort minimalt for å redusere sine utslepp? spør Vangstad retorisk.

- Blir du ikkje frustrert innimellom? Å kjempe mot fattigdom blir litt som å slåss mot vindmøller?

- Ja, det er klart det kan vere frustrerande. Eg mister motet innimellom, innrømmer Vangstad.

- Det tar jo aldri slutt, fattigdom kan verke som eit evigvarande problem. Men mest av alt er det spennande og utfordrande.

Provosert av Frp-utspel


Ifølgje Vangstad vil Noreg bli ein av «vinnarane» når det kjem til klimarelaterte problem. Difor blir ho kraftig provosert av Frp sitt utspel om at vi må fokusere på dei positive sidene ved klimaendringane.

- Eg meiner, kor egoistisk går det an å bli! Nei, det er andre kontinent som vil slite betydeleg meir enn oss. Afrika vil slite ekstremt. Men også stillehavsøyane og Mellom-Amerika er svært utsette.

Det viktigaste for Noreg er at politikarane blir einige om klimamålsetjinga, meiner Vangstad.

- Vi må ha nokre fastlagde klimamål som politikarane kan einast om. Sverige har til dømes det. Sverige har redusert klimautsleppa mykje meir enn Noreg. Men sjølv om Noreg berre står for ei promille av dei totale globale utslepp, så har vi betydelege utslepp per innbyggjar. Det er farleg å tenkje at vi er små.

- Helen Bjørnøy sa ingenting forpliktande for Noreg på Nairobi-konferansen, ho talte berre for ei halvering av dei globale utsleppa innan 2050. Men eg har tru på at det vil kome meir konkrete tal på bordet til våren. Då må regjeringa forplikte seg, seier ho optimistisk.

Klimaet på jorda har endra seg merkbart i løpet av dei siste drøyt hundre åra. Denne tendensen har halde fram i det 21. hundreåret. Middeltemperatur og havniåvet stig. Dette har alvorlege økologiske, økonomiske og helsemessige konsekvensar. Ekstreme vêrforhold som storm og flom kan få endra hyppighet og styrke. Sjukdommar som malaria og tropefeber kan forflytter seg til nye område som ein konsekvens av eit varmare klima. Auke i havnivået vil føre til tap av landareal og auka risiko for flom. Det er forventa at naturkatastrofane vil auke både i omfang og styrke, og dei vil kome hyppigare i åra framover. Samstundes aukar dei globale utsleppa av klimagassar.

FNs klimapanel (IPCC) konkluderer i sin tredje hovudrapport frå 2001 med at det er overveiande sannsynleg at menneskeskapte utslepp av klimagassar har bidratt vesentleg til den observerte klimaendringen dei siste 30 til 50 åra. Les meir her.


Kjelder:


Miljøstatus i Norge
Cicero. Senter for klimaforskning


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus