Meny

Kvinnelege idrettsutøvarar usynleggjorde i media

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Mens mannlege idrettstjerner er overrepresenterte i media og tener grovt med pengar, må kvinnelege utøvarar framleis kle av seg for å få sponsorpengar og merksemd.

Marit Bjørgen får merksemd i media trass i at ho er kvinne. Årsaka til det er at ho markerer seg internasjonalt i store idrettsarrangement. Det er kun i slike høve at kvinnelege utøvarar får omtale i media - om dei ikkje vel å ta av seg kleda. (Foto: Terje Bendiksby / Scanpix)Marit Bjørgen får merksemd i media trass i at ho er kvinne. Årsaka til det er at ho markerer seg internasjonalt i store idrettsarrangement. Det er kun i slike høve at kvinnelege utøvarar får omtale i media - om dei ikkje vel å ta av seg kleda. (Foto: Terje Bendiksby / Scanpix)

Omfanget av idrett i media har auka enormt dei siste åra. Sportstoff er som regel ein lukrativ måte for avisene og tv-kanalane å auke opplags- og sjåartalet på. Men denne auken gjeld berre sport der menn er deltakarar, og ikkje for kvinneidretten.

Usynleggjering og trivialisering


Dette blir slått fast i ein ny forskingsrapport om emnet, levert av Nordisk institutt for kvinne- og kjønnsforsking. I rapporten kjem det fram at kvinneidretten ikkje berre er marginalisert, men også at dei kvinnelege utøvarane og deira prestasjonar blir trivialiserte og lagt mindre vekt på enn prestasjonane til dei mannlege toppidrettsutøvarane.

Det enorme fokuset på utsjånaden er ifølgje forskingsrapporten eit teikn på at media får dei kvinnelege utøvarane til å framstå som useriøse.

Denne tendensen kan idretts- og kjønnsforskar ved høgskolen Finmark Jorid Hovden bekrefte.

- Det er snakk om ei usynleggjering av idrettskvinner i media. På syttitalet låg mediadekninga av kvinneidrett på om lag 10 prosent, og dette talet har nærmast stått stille, trass i den formidable auken av sportstoff på TV og i pressa dei siste åra, seier ho til Neste Klikk.

Indikerer at kvinner er mindre verdt


Mykje av årsaka til dette er sjølvsagt at flesteparten av sportsjournalistar er menn.

Ein rask kikk på sportsidene til VG.no og Dagbladet.no ein vanleg føremiddag i januar stadfester den mannlege dominansen. Av 36 saker hos Dagbladet fokuserer kun éi av sakene på ein kvinneleg utøvar, nemleg den russiske tennisstjerna Maria Sjarapova (19) under overskrifta: «Maria har fått muskler. Viste beina i Hongkong». Klikkar ein på saka, kan ein lese om korleis Maria «benyttet anledningen til å stille i cocktailkjole, og prate om sin nye kropp».

Det står ikkje stort betre til hos VG, der kvinner står i sentrum for tre av til saman 26 sportssaker.

Hovden meiner dette er svært alvorleg, ikkje minst med tanke på den signaleffekten det sender ut til resten av samfunnet.

- Når kvinneidretten blir neglisjert, sender det ein signaleffekt om at kvinner er mindre verdt enn menn. Dei er mindre interessante, dét er signalet som blir sendt ut. Media påverker sjølvforståelsen vår, korleis vi skapar kjønnsidentiteten vår som kvinne eller mann, kva verdiar vi knyt til dei ulike kjønna. Neglisjering er den verste forma for undertrykking, slår Hovden fast.

Etter hennar meining er usynleggjeringa av kvinnelege idrettsutøvarar verre enn seksualiseringa, som også tradisjonelt har prega kvinneidretten.

Poserer i pornografiske positurar


Men dei siste åra har det blitt meir og meir vanleg at også dei mannlege idrettstjernene speler på utsjånad og kropp, noko ikkje minst David Beckham er kjend for. Hovden meiner likevel det er ein viktig skilnad på måten dei mannlege og kvinnelege utøvarane kler av seg foran kamera.

Tennisstjerna Anna Kournikova har fått mykje medieomtale på grunn av utsjånaden. (Foto: Reuters / Tiffany Brown)Tennisstjerna Anna Kournikova har fått mykje medieomtale på grunn av utsjånaden. (Foto: Reuters / Tiffany Brown)

- Kvinnelege idrettstoppar må bevise for omverda at dei er «ekte, heterofile kvinner». Difor stiller dei opp i aftenkjolar og bikiniar for diverse aviser og magasin, og poserer i mjukpornografiske positurar for å vise at dei er attraktive for menn. Ofte handlar det om å kvitte seg med eit lesbestempel.

Ifølgje forskaren framstår menn aldri som «babes». David Beckham smiler ikkje velvillig mot kamera med halvopen munn. Han ser derimot rett på deg og kontrollerer situasjonen. Den mannlege idrettstjerna viser fram rå muskelkraft, han framstår som sterk og kontrollerande framfor kamera, i motsetnad til den kvinnelege idrettstjerna som inntar ein meir underlegen posisjon.

Toppidretten er kjønnskonservativ


Idrettsmiljøa er med andre ord svært kjønnskonservative og speler på kjønnsroller som er på veg ut i resten av samfunnet.

Hovden understreker at mange kvinnelege idrettsutøvarar stiller opp på slike slike ting av reint praktiske årsaker, for å tene pengar. Til dømes fekk fotballspelaren Linda Medalen dobbelt så mykje pengar for å kaste kleda for Se og Hør i 1997, som det ho ville fått for eit gull i europameisterskapen same året.

Men, understreker Hovden, ting er heldigvis i endring.

- Ei idrettstjerne som Marit Bjørgen, som er best i verda, treng ikkje spele på kropp og utsjånad for å få merksemd og pengar. Problemet er berre alle andre, til dømes diverse førstedivisjonslag i fotball, som må lage lettkledde kalendrar for å få sponsorpengar.

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus