Fleire krev erstatning for feilbehandling

Stadig fleire pasientar får feil behandling eller blir utsette for tabbar på sjukehusa, og krev erstatning.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Illustrasjonsfoto: Ullevål universitetssykehus)(Illustrasjonsfoto: Ullevål universitetssykehus)

(NPK): 3.700 pasientar kravde erstatning i det offentlege helsevesenet i 2006. Dei fleste vil ha erstatning for operasjonar som ikkje gjekk som dei skulle.

I gjennomsnitt får ein av tre pasientar større eller mindre summar kvart år for tabbar og feilbehandling i helsevesenet. Mange klagesaker blir avviste fordi det ikkje kan bevisast at det er ein samanheng mellom plagene og behandlinga han eller ho fekk. NPE betalar nemleg ikkje for tort og svie.

- Erstatninga dekkjer reelle økonomiske tap pasienten eller pårørande har hatt på grunn av behandlingssvikt. Men erstatninga dekkjer ikkje for eksempel kjenslemessig sakn eller sorg dersom nokon døyr, seier Torill Stæhr til NRK. (NPK)

Personvernpolicy