Meny

Blair kjøper klimakvotar til regjeringa sine flyreiser

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Også den britiske regjeringen kjøper klimakvotar for å kompensere for CO2-utsleppa frå dei mange flyreisene til politikarane rundt om i verda.

Den britiske regjeringa har kjøpt klimakvotar tilsvarande 255.000 tonn CO2 for åra 2007 til 2009. (Foto: Reuters/Ali Haider / Scanpix)Den britiske regjeringa har kjøpt klimakvotar tilsvarande 255.000 tonn CO2 for åra 2007 til 2009. (Foto: Reuters/Ali Haider / Scanpix)

London (NTB): Den norske regjeringa vil kjøpe klimakvotar for statstilsette som reiser med fly utanlands, opplyste statsminister Jens Stoltenberg (Ap) i nyårstalen sin måndag.

- Vi ønskjer å setje eit eksempel, og vi håpar at bedrifter, organisasjonar og andre land vil følgje etter, sa statsministeren i den fjernsynssendte talen.

Men hans britiske kollega Tony Blair kom Stoltenberg i forkjøpet, iallfall med eit par dagar. I romjula kunngjorde den britiske regjeringa at dei hadde kjøpt klimakvotar tilsvarande 255.000 tonn CO2 for åra 2007 til 2009. Prisen låg på snaut 10 pund, vel 12 kroner, per tonn, melder Reuters.

Kvotane skal dekkje opp forureininga frå dei internasjonale flyreisene til statsminister Tony Blair og ministrar frå 30 departement. Så Stoltenberg ligg uansett eit skritt framfor, i og med at den norske ordningen skal gjelde alle reisene til dei statstilsette.

Den britiske regjeringa forsikrar at pengane frå kjøpet av klimakvotane går til prosjekt som er godkjende under Kyotoavtala. Men miljøorganisasjonar har kritisert fleire slike prosjekt for totalt sett å ha ein negativ miljøeffekt. (©NTB)

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus