- Saddam tok farvel med brør
Dubai (NTB-Reuters): Advokat Badie Aref seier det sjeldne møtet mellom Saddam Hussein og dei to halvbrørne Sabawi og Watban Ibrahim Hassan al-Tikriti, som sit i amerikansk varetekt, fann stad etter førespurnad frå den tidlegare presidenten. Dei tre brørne møttest i Husseins strengt vakta fengselscelle i Bagdad.
- Han møtte Sabawi og Watban og gav dei brev til familien. Han har utvilsamt ikkje detaljkunnskap om kva som skjer rundt han, og han er førebudd på å gi livet sitt som martyr for landet sitt, seier Badie Aref.
- Han var ved svært godt mot og er heilt tydeleg i gang med å førebu seg, seier Aref vidare.
Kjelder i Bush-administrasjonen seier den irakiske regjeringa har informert USA om at Hussein kan bli avretta i løpet av få dagar.
- Eg har høyrt at det mest sannsynleg kjem til å ta eit par dagar til, seier ei av kjeldene. (©NTB)