Meny

- Saddam tok farvel med brør

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Saddam Hussein har tatt farvel med to av halvbrørne sine. Men det er framleis uklart når eksdiktatoren vil bli avretta.

Saddam Hussein tok torsdag farvel med to av halvbrørne sine, ifølgje advokaten hans. Kjelder i Bush-administrasjonen seier den irakiske regjeringa har informert USA om at Hussein kan bli avretta i løpet av få dagar. (Foto: REUTERS/ SCANPIX)Saddam Hussein tok torsdag farvel med to av halvbrørne sine, ifølgje advokaten hans. Kjelder i Bush-administrasjonen seier den irakiske regjeringa har informert USA om at Hussein kan bli avretta i løpet av få dagar. (Foto: REUTERS/ SCANPIX)

Dubai (NTB-Reuters): Advokat Badie Aref seier det sjeldne møtet mellom Saddam Hussein og dei to halvbrørne Sabawi og Watban Ibrahim Hassan al-Tikriti, som sit i amerikansk varetekt, fann stad etter førespurnad frå den tidlegare presidenten. Dei tre brørne møttest i Husseins strengt vakta fengselscelle i Bagdad.

- Han møtte Sabawi og Watban og gav dei brev til familien. Han har utvilsamt ikkje detaljkunnskap om kva som skjer rundt han, og han er førebudd på å gi livet sitt som martyr for landet sitt, seier Badie Aref.

- Han var ved svært godt mot og er heilt tydeleg i gang med å førebu seg, seier Aref vidare.

Kjelder i Bush-administrasjonen seier den irakiske regjeringa har informert USA om at Hussein kan bli avretta i løpet av få dagar.

- Eg har høyrt at det mest sannsynleg kjem til å ta eit par dagar til, seier ei av kjeldene. (©NTB)


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus