Vil skjerpe kontrollen av åleineforsørgjarar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Trygdestyresmaktene har mistanke om at svært mange åleineforsørgjarar deler både seng og barn, men seier at dei bur åleine. No skal kontrollen styrkjast.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Rekordmange er i år melde for å vera falske einslege forsørgjarar. Talet kan passere 100 før årsskiftet, melder Dagsavisen.

- Det er ikkje ulovleg å få fleire barn etter at ein er separert og har gått frå kvarandre, men det påkallar merksemda vår, seier direktør Magne Fladby i NAV til Dagsavisen.

NAV varslar auka kontroll med dei ulike einslegstønadene, og vil sjekke at folk som oppgjev at dei bur åleine med barn, faktisk gjer det.

(NPK)