Meny

Tryggingsrådet framleis splitta om Somalia

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

FNs tryggingsråd klarte heller ikkje onsdag å kome til semje om ein tekst som ber om at alle kampar i Somalia straks stoggar.

Ein soldat frå overgangsregjeringa held vakt over soldatar frå Rådet for islamske domstolar som er tekne til fange. (Foto: REUTERS/Guy Calaf/Pool (SOMALIA) / SCANPIX)Ein soldat frå overgangsregjeringa held vakt over soldatar frå Rådet for islamske domstolar som er tekne til fange. (Foto: REUTERS/Guy Calaf/Pool (SOMALIA) / SCANPIX)

New York (NTB-Reuters-AFP):FNs tryggingsråd møttest onsdag i eit forsøk på å samle seg om ein resolusjon som kan få slutt på konflikten i Somalia.

Rådet mislykkast også tysdag, då den einaste arabiske medlemen, Qatar, ikkje ville godta ein resolusjon som ikkje krev at alle framande styrkar, også etiopiske, trekkjast ut av Somalia.

Usemja blei ikkje løyst onsdag. Qatar insisterte framleis på at resolusjonen også krev at alle etiopiske styrkar forlèt Somalia.

Forhandlingane er no avbrotne og det ser ikkje ut til at dei blir tekne opp att i nær framtid, seier diplomatar til Reuters.

USAs ambassadør Alejandro Wolff seier det er for enkelt å tru at ei etiopisk tilbaketrekking vil løyse konflikten. (©NTB)

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus