Sponheim vil ha rettssak mot NRK
Oslo (NTB): Samtidig varslar nestleiar i Høgre, Jan Tore Sanner, politisk oppvask etter det han omtalar som forsøk på å lure Stortinget.
NRK-lisensen som blei betalt i september var for seks månader fram i tid, altså ut februar 2007. Men i desember i år vedtok Stortinget følgjande: «NRK (...) blir pålagt å inntektsføre heile kringkastingsavgifta i det kalenderåret ho blir innbetalt frå 2007. Dette er ei rein rekneskapsteknisk endring».
Dermed har Stortinget opna for at NRK kan krevje betalt to gonger for januar og februar neste år, skriv Dagens Næringsliv.
Venstre-leiar Lars Sponheim rasar mot det han meiner er eit lisenskupp og legg til at dobbel lisensbetaling bør prøvast rettsleg.
Sponheim meiner at berre ei fleirtalsregjering kan tillate seg å fremje eit slikt forslag som blei vedteke 13. desember. (©NTB)