Irsk blir offisielt EU-språk

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det irske språket, eller gælisk som det og heiter, får status som offisielt språk i EU 1. januar 2007. Over ein tredel av den irske befolkninga snakkar irsk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Meir enn ein tredel av Irlands befolkning snakkar irsk. I Dublin er alle gateskilt teksta både på engelsk og irsk. (Foto: Dale Eurenius)Meir enn ein tredel av Irlands befolkning snakkar irsk. I Dublin er alle gateskilt teksta både på engelsk og irsk. (Foto: Dale Eurenius)

Same dagen blir Bulgaria og Romania offisielle medlemer av unionen, og dermed har EU til saman 23 språk i 2007.

Det irske språket får likevel berre det som kallast semi-offisiell status, noko som mellom anna inneber at ein ikkje treng omsetje absolutt alle EU-lovane til irsk.

Også baltisk og katalansk har semi-offisiell språkstatus. Språkleg mangfald er eit nøkkeltema i EU, ifølgje EU-kommisjonen.

29 omsetjarar vil jobbe med irsk-omsetjing i EU. I tillegg reknar ein med å bruke ei rekkje frilanstolkar. Ifølgje BBC News vil dette årleg koste EU nesten 3,5 millionar euro, eller 30 millionar kroner.