Årets fem beste bøker

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bokåret 2006 har vore rikt og mangfaldig. Å skulle trekkje fram berre fem gode utgivingar frå dette året, er med andre ord inga enkel oppgåve. Bokmeldaren i Neste Klikk har likevel gjort eit heiderleg

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Marit Eikemo: «Mellom oss sagt»


Samlaget 2006

Marit Eikemo har klart kunststykket å skrive årets beste samtidsroman. Hennar røyndomsnære og humoristiske skildring av thirty-something Regine Hansen set fingeren på noko som faktisk er eit reellt problem blant høgt utdanna akademikarar: at ein i årevis blir gåande i vikariat i jobbar ein eigentleg er overkvalifisert for. Regine gjennomgår ei eksistensiell krise idet det går opp for henne at ho ikkje oppfyller vår tids mantra: Du skal realisere deg sjølv. Helst gjennom jobben. Samstundes oppdagar ho at nettverka hennar forvitrar. Marit Eikemo har skrive ei humoristisk bok som også blir ein vektig kommentar til ein heil generasjon og tida vi lever i.

Simen Sætre:

«Hugo: En biografi

»


J.M. Stenersens Forlag 2006

Journalist Simon Sætre fortel detaljrikt om livet til heroinisten, tiggaren og uteliggjaren Hugo i denne dokumentarboka. Hugo har ingen tragisk barndom å skulde på, men voks tvert imot opp i ein kondisjonert heim på beste vestkant i Oslo. Han har også studert ved universitetet, og les bøker av forfattarar som Bukowski, Solstad og Dostojevskij. Sætre har følgt Hugo omkring i Oslo-gatene i om lag seks månader, også inn på hospitset og sprøyterommet. Han tolkar og analyserer svært lite undervegs, men lèt lesaren få gjere seg sine eigne tankar. Sætre gir med andre ord noko så sjeldant som eit nyansert bilete av kva det vil seie å vere narkoman i dagens Noreg. Boka var nominert til Brageprisen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Helle Helle:

«Rødby-Puttgarden

»


Omsett av Trude Marstein
Oktober forlag 2006

«Rødby-Puttgarden» handlar om ei ung kvinne, Jane, som - for å seie det med ein klisjé - leitar etter seg sjølv, trass i at ho framstår som ein tilsynelatande ganske tafatt og apatisk person. Saman med systera Tine og hennar dotter Ditte lever ho eit roleg liv i småbyen Rødby. Begge systrene arbeider på parfymeavdelinga på ferja mellom Danmark og Tyskland. Helle Helle skriv ein reinskåren og lettflytande prosa. Det er få som lukkast så godt som ho med å skildre det litt miserable og ulukkelege livet; ikkje minst er ho ein meister til å skildre alle desse småpinlege augneblinka som så ofte oppstår mellom menneske. Men heldigvis rommar den svarte humoren djupe lag av allmennmenneskeleg innsikt, som lesaren får ta del i.

Stieg Larsson:

«Menn som hater kvinner

»


Omsett av Elisabeth Bjørnson
Gyldendal forlag 2006

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein nyskapande og forrykande intens kriminalroman. Frilansjournalist Mikael Blomkvist og det asosiale datageniet Lisbet Salander skal oppklare eit mord frå 1966. Samstundes som lesaren følgjer dei to i jakta på mordaren, får lesaren eit innblikk i det svenske samfunnet på 60-talet. Boka rører også innom tema som nazisme og menns vald mot kvinner. Stieg Larsson sjølv døydde av hjerneslag før boka kom ut, men han hadde alt levert tre ferdigskrivne manus til forlaget før det skjedde. Det kjem altså to bøker til med det utradisjonelle radarparet Blomkvist og Salander. All grunn til å gle seg.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hanne Ørstavik: «Kallet - Romanen»


Oktober forlag 2006

Ein forfattar vil skrive ein roman om farmora og hennar religiøse kall. Men skrifta vil ikkje kome: «Det er som om jeg ikke har taket på noe lenger i det jeg skriver, det velter ut og flommer over og flyter. Og hver gang jeg tenker at det må da finnes en struktur, det må da være en tydeligere sammenheng som jeg kan ordne etter, så glipper det.» Skrivesperra manifesterer seg som ei fysisk smerte, vondt i ryggen og ei låsing i venstre lår. Forfattaren i boka tenkjer på farmora, faren, eks-sambuaren, sitt eige barn, på vanskelege relasjonar, låsingar også her. Det skjer lite på overflata, men Ørstavik skriv så knakande godt, så reflektert og intelligent at det ikkje skal meir til for å skape ei lesaroppleving over gjennomsnittet. Det går ikkje an å kome utanom Ørstavik.