Tidlegare president Gerald Ford er død

USAs tidlegare president Gerald Ford er død, 93 år gammal.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Washington (NTB-Reuters): Det opplyste hustrua hans, Betty Ford, onsdag.

- Familien min og eg deler den vanskelege beskjeden om at Gerald Ford, vår kjære mann, far, bestefar og oldefar har gått bort 93 år gammal, heiter det i ei melding frå Betty Ford.

- Livet hans var fylt av kjærleik til Gud, familien og nasjonen, heiter det vidare.

Gerald Ford tok over som president etter at Richard Nixon blei tvungen til å gå av etter Watergate-skandalen i 1974.

Då han blei president lovde han det amerikanske folket at «vårt lange nasjonale mareritt er over». Gerald Ford sat som president i to og eit halvt år, før han tapte for Jimmy Carter i presidentvalet i 1976. (©NTB)

Personvernpolicy