Strid om Statoil-namnet

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sentrale personar i regjeringa ønskjer å behalde Statoil-namnet på eit nytt, stort og fusjonert olje- og gasselskap. Det kan bryggje opp til strid med Hydro-leiinga som avviser forsøk på namneomkamp.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Illustrasjonsfoto: Scanpix)(Illustrasjonsfoto: Scanpix)

Oslo (NTB): Sentrale kjelder i regjeringa skal vere oppgitte over at Hydro insisterer så kraftig på at Statoil skal bort som namn. Fleire av dei seier til Dagens Næringsliv at ei namneendring både er uforståeleg og vil koste uakseptabelt mykje pengar.

Det blir og opna for at namnespørsmålet kan kome til å bli tatt opp med selskapa i den vidare fusjonsprosessen.

Men styret og leiinga i Hydro står på sitt. Kravet om at Statoil-namnet skal bort, er ufråvikeleg.

- Eg vil avvise eit kvart forsøk på å ta opp den diskusjonen igjen. Ein ny namnediskusjon vil innebere at ein må opne heile fusjonsprosessen på nytt, seier Hydro-styreleiar Jan Reinås til DN. (©NTB)