Meny

250 millionar kroner til vêrs

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Om fire dagar vert mellom 230 og 250 millionar kroner skotne opp i lufta. Rakettsalet til nyårsaftan er i gong.

(Illustrasjonsfoto: Albert Lazcano)(Illustrasjonsfoto: Albert Lazcano)

Det er no to år sidan den enorme flodbølgja slo innover Søraust-Asia. Etter den enorme naturkatastrofen vart folk oppfordra til å droppe nyårsrakettane, og heller gje pengar til hjelpearbeidet.

Rakettsalet dalte med 40 prosent. Bransjen fortvilte, og meinte det var urettvist at dei åleine skulle tape på givargleda til det norske folket.

120 personar skadde


I fjor var tsunamien gløymd, og vi handla fyrverkeri som før; for heile 230-250 millionar kroner. Det vil seie at kvar nordmann i gjennomsnitt skaut opp hylande fargeeksplosivar for omlag 53 kroner. Truleg vil me bruke like mykje i år.

Fargesprakande himmelkvelvar gleder mykje og kostar flesk. Men gleda er ikkje ufarleg. Årleg vert gjennomsnittleg 120 personar skadde på grunn av feilaktig bruk av fyrverkeri. Nyårsrakettane førte òg til at 38 bygningar vart skadde for 6,5 millionar kroner i fjor.

- Så mange skadar er ein altfor høg pris å betale for nokre timar med frislepp av spektakulær nyårsmoro, seier Stein Haakonsen, informasjonssjef i Finansnæringens Hovedorganisasjon (FNH) på organisasjonen si heimeside.

Tryggare feiring


Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har no kome fram til fleire tiltak for å stogge fyrverkeri-skadane. Blant anna vil dei avgrense sal og tilgjenge av dei farlegaste formene for fyrverkeri.

- Målet med tiltaka er ikkje å ta frå folk gleda av fyrverkeri, men å gjere feiringa tryggare, seier Torill Tandberg, leiar av arbeidsgruppa i DSB.

Ein million kinabriller


Fyrverkeriimportørane vil også gjere inngangen til det nye året sikrare. Importørane har i år kjøpt inn ein million kinaproduserte vernebriller for born og vaksne, i tillegg til plakatar og brosjyrar. Det vil seie at om du kjøper deg eit rakettbatteri i år, vil du få vernebriller med på kjøpet.

Ønskjer du meir enn ei brille, til for eksempel andre i familien, kan du kjøpe desse for ti kroner stykket.

PS: Sjølv om fyrverkeri er kostbart, er det all grunn til å skyte opp nokre kroner om du lir av gammal overtru. Ifølgje folketrua hadde mest mogleg støy og bråk ein viktig posisjon nyårskvelden. Vonde ånder skulle nemleg bli skremt langt bort...


Kjelder: forskning.no, Aftenposten, VG, Rana Blad, npb.no og fnh.no


Tre tommelfingerreglar for fyrverkeritryggleik:

  • Hald avstand

  • Vis omsyn

  • Tenk tryggleik

Kjelde: Norsk Pyroteknisk Bransjeråd


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus