Meny

Jubileum for verdas eldste fullriggar

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Skuleskipet «Sørlandet» er verdas eldste operative fullriggar og har vore i drift sidan 1927. Skipet kan med andre ord feire 80-årsjubileum i 2007.

(NPK): Tidlegare var «Sørlandet» eit skuleskip for sjømannsopplæringa av skuleskipsgutar. No er skipet tilgjengeleg for opplevingssiglasar for «ungdom» i alle aldrar.

«Sørlandet» vart bygd ved Høivolds Mekaniske Verkstad i Kristiansand. Grunnkapitalen for å byggje skipet var eit legat på 25.000 pund sterling, oppretta av skipsreiar O.A.T. Skjelbred i Kristiansand for bygging av ein tremasta fullriggar som skuleskip. Skuta var ferdigbygd i 1927 og overlevert den 28. mai, som vert rekna for «bursdagen» til skuta.

Gjennom «Sørlandets Seilende Skoleskibs Institution» stod «Sørlandet» sentralt i utdanninga av unge sjømenn i den landsdelen ho vart oppkalla etter.

Jomfruturen gjekk først til Oslo der ho vart inspisert av kong Haakon og kronprins Olav, og sidan til London med 90 skuleskipsgutar om bord for å vere med på vigslinga av den nye sjømannskyrkja, St. Olav's Church.

Som første norske skuleskip kryssa «Sørlandet» Atlanterhavet i 1933 på eit tokt til Canada og Amerika.

Under Den andre verdskrigen var «Sørlandet» losjiskip for tyske ubåtmannskap og seinare fangeskip for tyske soldatar som deserterte. Skipet fekk ein hard medfart under krigen og var ikkje sigleklar att før i 1948. Først i 1958 fekk skipet motor. «Sørlandet» var såleis den siste av dei store europeiske seglande skuleskipa som fekk motor installert.

Frå 1980-83 var skipet det einaste skuleskipet i drift og var først ute med opne tokt for ungdom og eldre av begge kjønn.

I 1981 vart Stiftelsen Fullriggeren Sørlandet danna med det målet å eige og ta vare på skuta gjennom aktiv bruk. Det er denne stiftinga som er reiar og eigar av skipet i dag, og som planlegg og administrerer drifta. (NPK)

Forsidefoto: Morten Holm, Scanpix

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus