Meny

- Kvinnelege jurymedlem frifinn oftare valdtekt

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Ei unik undersøking syner at kvinnelege jurymedlemer kan vere raske til å stemple offer for valdtekt som lette på tråden. Det er ei mogleg årsak til frifinningar.

(Illustrasjonsfoto: Scanpix. )

Oslo (NTB): Riksadvokat Tor-Aksel Busch har nedsett eit utval som skal granske kvifor éin av tre blir frifunnen i valdtektssaker. Undersøkinga som syner jurymedlemmer sine haldningar, blir ein viktig del av rapporten, skriv Aftenposten.

Undersøkinga, gjennomført av pensjonert lagdommar Lars-Jonas Nygard, har tatt for seg valdtektssaker der juryen har frifunne i ankesaka, etter at det først var blitt avsagt fellande dom i tingretten. Her har jurymedlemer for første gang blitt intervjua om kva som skjer under rådslagninga.

Juryformannen fortel om tilfelle av sterkt fordømmande og moraliserande haldningar overfor oppførselen til offeret, og at dei kvinnelege jurymedlemene skil seg ut som mest fordømmande.

Nygard fortel at ein av jurymedlemene skal ha omtalt offeret som ei «tøyte», som visste kva ho gjekk til. Tre kvinner meinte at «ei ordentleg jente blir ikkje igjen (på nachspielet, red.anm.) slik». «Dei mannlege medlemene var ikkje samde i dét!», seier juryformannen.

I desse tilfella har det dreidd seg om overgrep der offer og gjerningsmann har hatt meir eller mindre grad av kontakt før hendinga.
Ein jury består av fem kvinner og fem menn. Viss minst fire stemmer «nei», skal tiltalte frifinnast.

- Ein finn desse haldningane hos begge kjønn, men på kvinnesida er dei overraskande breie og sterke. Viss offeret har oppført seg i strid med det desse kvinnene sjølve har oppdrege døtrene sine til å gjere, så sit «skyldig»-svaret tydelegvis langt inne, seier Nygard. (©NTB)
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus