Meny

Heile Europa ventar på kvit jul

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Det er ikkje berre nordmenn som lengtar etter kvit jul. Over heile Europa ventar folk og dyr på snø og kuldegrader.

Det er mange som ventar på snøen. (Illustrasjonsfoto: Cornelius Poppe / Scanpix)Det er mange som ventar på snøen. (Illustrasjonsfoto: Cornelius Poppe / Scanpix)

(NPK/NTB): Den milde vinteren har ført til at bjørnane gløymer å gå i hi, trekkfuglane blir verande og store skianlegg er i ferd med å gå konkurs, melder Dagsavisen.

Klimaendringar i Alpane


Ifølgje ein rapport frå Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling i Europa (OECD) er Alpane spesielt utsett for klimaendringane. Her har temperaturen auka tre gonger så mykje som i resten av verda dei siste åra. Dette får dramatiske konsekvensar for mange lokalsamfunn som lever av vintersport. Forskarane bak rapporten slår fast at rundt ti prosent av 600 skisentra i området slit med dårleg økonomi. Dersom ikkje klimaet endrar seg, betyr det kroken på døra for mange av alpinanlegga i alpane.

- Det har aldri vore så varmt i alpane på minst 1.300 år, seier Reinhard Bohem, klimaforskar ved Institutt for meteorologi og geodynamikk i Austerrike. Han er ein av forfattarane bak ein nye EU-rapport om klimaendringar, og spår at det blir endå varmare i framtida, melder Dagsavisen.

Kvit jul der det ikkje bur folk


Trass i snømangelen, så blir det faktisk kvit jul i to tredjedelar av Noreg, ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Problemet er berre at snøen avgrensar seg til den nordlege delen av landet og til fjellområda i sør, der det nesten ikkje bur folk, melder NTB.

Dei fleste av oss bur i den tredjeldelen av Noreg som enno er heilt snøfri. I lågtliggjande område sør for Trøndelag er det mykje mindre snø enn vanleg. Ifølgje NVE har det ikkje vore så store snøfrie område i Noreg dei siste 46 åra. (NPK/NTB)

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus