Meny

Meir populært å bu på bygda

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Dei fleste av oss bur by, men stadig fleire av oss meiner likevel vi bur i distriktet.

Det er meir populært å seia at ein bur i distrikta. Her eit bilete av bygda Hellesylt i Stranda kommune på Sunnmøre. (Foto: Kjell Herskedal / Scanpix)Det er meir populært å seia at ein bur i distrikta. Her eit bilete av bygda Hellesylt i Stranda kommune på Sunnmøre. (Foto: Kjell Herskedal / Scanpix)

(NPK): - Dette kan tyda på at det er ei mental distriktsbølgje på gang, seier professor Reidar Almås til Nationen. Bakgrunnen for konklusjonen er ei undersøking blant 4000 nordmenn utført av MMI for Norsk Monitor. I undersøkinga meiner 27 prosent av dei spurde at dei bur i distriktet. Dette er fem prosent meir enn folk svarte på same spørsmålet for to år sidan.

- Det kan verka som om distriktsomgrepet er blitt utvida, og at det er meir populært å seia at ein bur i distrikta, seier Almås. På spørsmål om kor folk helst vil bu om dei fekk velja fritt, svarar dei fleste at dei vil bu i ein småby. Men tettstader på landet, er nesten like populære.

- Tettstader og småbyar blir meir populære. Det verkar som om ynskedraumen er å få det beste av to verder. Både å bu fritt og godt, og ha byens tilbod innan rekkjevidde, seier Almås, som utdjupar synspunkta sine i ein heil kronikk i Nationen. (NPK)

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus