Meny

Gje ei julegåve til miljøet

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Visste du at julegåvepapiret ikkje kan resirkulerast eller brennast?

Julegåvepapiret ikkje kan resirkulerast. (Illustrasjonsfoto: Jon Eeg / Scanpix)Julegåvepapiret ikkje kan resirkulerast. (Illustrasjonsfoto: Jon Eeg / Scanpix)

Oslo (ANB): - Me er opptekne av at nordmenn skal bli flinkare til å kjeldesortere, spesielt i juletida når forbruket er så høgt, seier Nancy Sand, prosjektleiar i Retursamarbeidet Loop til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB). Slett ikkje alle er klar over at julegåvepapiret ikkje er som anna papir.

- I motsetning til aviser, vekeblad og mjølkekartongar, har det glansa julegåvepapiret for lite papirfiber til å bli til nye papp- og papirprodukt. Det tynne julegåvepapiret forstyrrar dessutan gjenvinningsprosessen og reduserer kvaliteten på det andre papiret det vert resirkulert saman med. Dess meir glansa det er, dess mindre egna er det, seier Sand. Papiret skal heller ikkje brennast i peisen, slik mange gjer i denne kalde årstida.

- Det fører berre til lokal forureining, veldig mykje oske og svært liten varmeeffekt. Julegåvepapiret skal i restavfallet. Det er mykje betre at det vert resirkulert ved det lokale reinseanlegget, som brenn det ved mykje høgare temperaturar, noko som gir færre miljøfarlege stoffar, seier Sand. (ANB)

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus