Storaksjon mot snøskuter

Artikkelen fortsetter under annonsen

Politiet vil ha slutt på ulovleg snøskuterkøyring. I vinter vil dei samarbeide med småflyklubbar, bruke helikopter og jobbe tett saman med Statens Naturoppsyn for å ta luringane.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Politiet vil ha slutt på ulovleg snøskuterkøyring. (Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix)Politiet vil ha slutt på ulovleg snøskuterkøyring. (Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix)

(NPK): Ein fersk rapport frå Norsk institutt for by- og regionforsking viser at det finst nesten 100.000 registrerte snøskuterar i landet. Truleg er det dobbelt så mange, skriv Nationen.

Motoriserte køyretøy i utmarka er i ferd med å bli ei av politiet si største utfordringar på miljøsida. Dessutan er haldningane til gyldig førarkort og promille mykje dårlegare enn for bil. I tillegg får mange mindreårige køyre, noko som kan føre til fleire ulykker. (NPK)