Meny

Mordar-jakt på YouTube

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Canadisk politi har lagt ut ein overvakingsvideo på nett i håp om å få identifisert ein mordar. - Det kan norsk politi også gjere, seier Datatilsynet.

Nettstaden YouTube inneheld meir enn 100 millionar videoklipp som brukarane har lagt ut i løpet av den korte tida nettstaden har eksistert. Stort sett dreier det seg om underhaldning og personlege videoar, men i den seinare tida har også offentlegheita funne nytte i denne tenesta.

Denne overvakingsvideoen har politiet i Canada lagt ut på YouTube i håp om at publikum kan identifisere ein mordar.Denne overvakingsvideoen har politiet i Canada lagt ut på YouTube i håp om at publikum kan identifisere ein mordar.

Mordar på video?


Canadisk politi la for ei veke sidan ut ein overvakingsvideo frå konsertlokalet Club 77 i byen Hamilton i samband med drapet på ein 22 år gammal gut nokre timar seinare. Politiet håpar at publikum skal kunne identifisere det dei kallar «folk av interesse» ut frå det halvtanna minutt lange videoklippet.

- Me bestemte oss for å leggje ut videoen på YouTube fordi me rekna det som meir sannsynleg at folk som var på den aktuelle konserten ville sjå etterlysinga der, seier Jorge Lasso frå Hamilton-politiet til nyheitsbyrået AFP, ifølgje theage.com.

Til no har klippet fått nesten 70 kommentarar, men ikkje overraskande er det ingen som har namngitt ein eventuell mordar - i alle fall ikkje på nett.

Muleg i Noreg


Så langt har ikkje YouTube vore ein reiskap norsk politi har nytta seg av, men ifølgje Datatilsynet er det ingenting i vegen for at dei kan gjere det.

- Dette er ikkje noko me vil kunne overprøve, viss politiet først bestemmer seg for å gjere det, seier informasjonssjef Ove Skåra i Datatilsynet til Neste Klikk.

- Politiet jobbar etter eigne lovar. Men sjølvsagt har me prinsipielle haldningar til slike ting.

- Datatilsynet kan ikkje hindre politiet i å bruke internett til å etterlyse kriminelle med bilde eller video, seier informasjonssjef Ove Skåra i datatilsynet. (Foto Berit Roald/Scanpix)- Datatilsynet kan ikkje hindre politiet i å bruke internett til å etterlyse kriminelle med bilde eller video, seier informasjonssjef Ove Skåra i datatilsynet. (Foto Berit Roald/Scanpix)


Skåre meiner alvorlegheitsgrada i saka speler ei stor rolle for om ein kan forsvare å leggje ut bilde og video på nett i von om å fange kriminelle.

- Det bør ikkje vere eit poeng å eksponere kva for helst sak på Internett for å oppklare ho. Men viss det er det som skal til for til dømes å fakke ein massemordar, så kan det rettferdiggjerast.

Kritiske til e-post


Samtidig syner Ove Skåre til norske saker som Datatilsynet har stilt seg svært kritiske til.

- Me har opplevd at politiet har tatt still-bildar frå overvakingsvideoar på kjøpesenter som har vore sterkt plaga av organisert tjuveri. Desse bilda har blitt sendt i e-post til andre kjøpesenter for å åtvare dei mot dei kriminelle.

Sjølv om ein kan ha forståing for at politiet ønskjer å oppklare brotsverk effektivt og med alle tenkjelege hjelpemiddel, meiner Datatilsynet at det ikkje kan godtakast at slikt materiale blir distribuert usikra og ukryptert frå politiet til eksterne kjelder. - Ein har jo ingen kontroll på korleis dei eksterne kjeldene vil behandle slik informasjon.

Vald på YouTube


I haust har det ved fleire høve blitt oppdaga videoar på YouTube kor unge folk har filma seg sjølve når dei trakasserer og er valdelege mot uskuldige tredjepartar. Ein ting er at sjølve valdshandlinga kan vere straffbar, men også distribusjonen av filmen eller bilda kan vere det. Ifølgje Skåra er det ingen grunn for folk til å tru at ein kjem ustraffa frå slike handlingar berre fordi nettstaden dei opererer på ikkje er norsk.

- Her gjeld åndsverkslova og straffelova på same måte som viss du set eit krenkjande bilde av naboen din inn i avisa utan hennar samtykke eller sjikanerer folk openlyst og i all offentlegheit.

Du er ansvarleg


Det er altså kvar einskild av oss som er ansvarlege for det me legg ut på Internett, anten me er politi eller meinigmann, ikkje nettstaden me publiserer det på. Men det finst unnatak, også her. Ein nettstad kan bli halden ansvarleg viss det tillet barn å leggje ting ut på nett utan å ha innhenta samtykke frå foreldra først.

- Viss eit barn greier å leggje ut bilde eller tekst som verkar ærekrenkjande eller støyter privatlivets fred, så kan ikkje barnet haldast ansvarleg for det, opplyser Ove Skåra i Datatilsynet.

Meir nett og teknologi i Neste Klikk:

ABC Startsida:







Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus