Slit ut tilsette i barnehagar
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
(NPK): Det viser eit prosjekt som har vore prøvd i Kristiansand. Barnehagane i sørlandskommunen har i eit år vore opne frå 07 til 17. Utvida opningstider i dei kommunale barnehagane vart for tøft for dei tilsette, skriv Vårt Land.
I tillegg til at dei tilsette er slitne, har kvaliteten på barnehagetilbodet blitt noko dårlegare, særleg med tanke på innhald og tryggleik. Men foreldra har gripe tilbodet om utvida opningstid med begge hender. No vil kommunen løyve to millionar for å halde ved like ordninga. (NPK)