16-åringar får ikkje stemme

Artikkelen fortsetter under annonsen

16-åringar får ikkje stemmerett ved lokalvalet neste år. Kommunalminister Åslaug Haga (Sp) vil ikkje ein gong opne for forsøk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Haga vil ikkje gi 16-åringar stemmerett. (Foto: Cornelius Poppe / Scanpix)Haga vil ikkje gi 16-åringar stemmerett. (Foto: Cornelius Poppe / Scanpix)

- Eg meiner det vil vere uklokt å gi 16-åringar stemmerett. Dei er ikkje myndige, seier kommunalminister Åslaug Haga til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB). Ho meiner at ein ikkje bør få rett til å stemme før ein er 18 år og myndig. Kommunalministeren seier samstundes nei til forsøk med stemmerett for 16-åringar ved lokalvalet hausten 2007.

- Eg synes det er gale å kjøre forsøk dersom me ikkje har til intensjon å gjennomføre ting i praksis. Det blir å kaste blår i auga på folk, seier Haga. (ANB)