Reklame på mjølkekartongen
Det blir reklame på svenske mjølkekartongar neste år. (Illustrasjonsfoto: Davide Guglielmo)
Det er Coop Forum som skal prøve ut marknaden for reklame på «mellanmjölk», eller det som me kallar lettmjølk. Annonsane vil kome på 150 000 kartongar i løpet av ei veke, og dei første kartongane vil kome allereie i veke 6. Mellom annonsørane er Gevalia og Viking Line.
Blir prøveordninga ein suksess, kan det vere aktuelt med ei enno breiare satsing, fortel Kjell Lundholm i Mjölkmedia til resume.se.
Ikkje Tine
- Dette har førebels ikkje vore vurdert på mjølkekartongane våre, seier kommunikasjonssjef Kari Raunedokken i Tine BA til Neste Klikk.
- Kartongen er ein viktig informasjonskanal som me ønskjer å bruke for vårt eige vedkommande. Me har berre unntaksvis opna opp for samarbeid med veldedige organisasjonar og liknande.