Sverdfisk stadig oftare på noregsvisitt

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den langsiktige temperaturutviklinga med varmare sjøvatn langs norskekysten ser ut til å ha gitt hyppigare besøk av sverdfisk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Her eit foto av hobbyfiskar Arild Moe frå Drammmen som i 2004 fekk denne sverdfisken på nesten 30 kg i garnet sitt i Drammensfjorden. (Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix)Her eit foto av hobbyfiskar Arild Moe frå Drammmen som i 2004 fekk denne sverdfisken på nesten 30 kg i garnet sitt i Drammensfjorden. (Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix)

(NPK): Saman med store førekomstar av sild, makrell og kolmule gjer dette farvatna våre meir attraktive for denne varmekjære arten, opplyser Havforskingsinstituttet.

Etter tips frå private og frå media har Havforskningsinstituttet registrert 18 eksemplar av sverdfisk sidan 1967. Seinsommaren og hausten 2006 var heilt spesiell. Då blei sverdfisk fanga fire gonger på ulike stader langs kysten.

Dei fleste observasjonane er frå perioden juli til oktober med høgste talet i august, den varmaste månaden i havet. Men vi har også ein vinterobservasjon, frå Oslofjorden i mars 2003. Og den siste fangsten er frå Vinjefjorden i Sør-Trøndelag i november 2006.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Atlantisk sverdfisk (Xiphias gladius) er ein art som har kjerneområdet sitt i tempererte og tropiske område av Atlanterhavet, men som år om anna er blitt fanga heilt nord til kysten av Finnmark. Fisken gyter i varme tropiske og sub-tropiske område gjennom heile året, men mest gytemoden fisk er registrert om vinteren og våren. Ung sverdfisk veks ekstremt raskt og kan oppnå ei vekt på om lag 30 kilo allereie etter tre år. Kjønnsmoden er han i tre- til seksårsalderen.

Den største atlantiske sverdfisken som er fanga, hadde ei vekt på svimlande 530 kilo, og arten er absolutt blant dei raskaste predatorane i Atlanterhavet. Dei jaktar vanlegvis åleine eller i mindre grupper, og et nesten all næringsrik fisk dei kjem over i løpet av sine nordlege beitevandringar, inkludert botnfisk, djuphavsfisk og pelagisk fisk som sild og makrell. (NPK)