Sikta i Rebecca-saka tidlegare straffedømt

27-åringen som er sikta i samband med at Rebecca Rist har vore forsvunnen i Bergen sidan 2. desember, er tidlegare dømt for truslar og skadeverk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Politiet søkte etter den sakna kvinna Rebecca Rist i Haukåsområdet i Åsane i Bergen. Fleire hundepatruljer leita i området. (Foto: Bjørn Erik Larsen / SCANPIX)Politiet søkte etter den sakna kvinna Rebecca Rist i Haukåsområdet i Åsane i Bergen. Fleire hundepatruljer leita i området. (Foto: Bjørn Erik Larsen / SCANPIX)

Bergen/Oslo (NTB-Jørgen Haugseth og Heidi Røsok): 27-åringen skal ha brukt Rebecca Rists mobiltelefon, men med sitt eige sim-kort, skriv Dagbladet. Han skal ha brukt han etter at ho forsvann. Mannen er tidlegare dømt for truslar, skriv bt.no. Han slapp nyleg ut av fengsel.

Politiet søkte tysdag med hundar i nærleiken av bustaden til mannen i Åsane i Bergen. Måndag og tysdag blei han avhøyrt.

- Han har status som sikta i saka fordi han er pågripen. Det er ikkje utarbeidd ei formell sikting. Det vil bli gjort dersom det blir nødvendig, seier politiinspektør Svein Erik Krogvold i Hordaland politidistrikt til NTB.

Den sikta 27-åringens forsvarar, advokat Eirik Nåmdal, seier at klienten hans nektar for å ha noko å gjere med saka.

Advokaten ønskjer ikkje å gå inn på detaljar i forklaringa til den sikta, men seier at 27-åringen er sjokkert over pågripinga. (©NTB)

Personvernpolicy