Flyvertinne er nekta å ta med bibel på jobb
Flyselskapet bad flyvertinna ta med seg Koranen i staden for Bibelen. (Foto: Morten Holm, NTB Pluss / Scanpix)
(NPK): Grunnen er at ho ikkje får ta med bibelen sin på jobb på flygingar til Saudi-Arabia. Bibelen kan vere til sjenanse for muslimar på British Midlands Saudi-Arabia-rute. Det meiner det delvis SAS-eigde britiske flyselskapet British Midland - BMI.
Flyselskapet meiner at bibelen kan setje sinna i kok hos dei muslimske passasjerane - og hos styresmaktene i Saudi-Arabia. Dei har ifølgje flyvertinna bedt henne ta med seg Koranen i staden. No går flyvertinna til sak mot BMI, for å få lov til å ta med seg bibelen på jobben. Kvinna er i mellomtida tatt av alle ruter til Saudi-Arabia, skriv Boarding.no. (NPK)