Mann pågripen i samband med forsvinning

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein 27 år gammal mann blei måndag pågripen og sikta i samband med at Rebecca Rist har vore sakna frå Bergen sidan 2. desember.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den 27 år gamle Rebecca Rist har vore sakna frå bustaden sin i Bergen sidan laurdag 2. desember. (Arkivfoto: Politiet / SCANPIX HANDOUT)Den 27 år gamle Rebecca Rist har vore sakna frå bustaden sin i Bergen sidan laurdag 2. desember. (Arkivfoto: Politiet / SCANPIX HANDOUT)

Bergen (NTB): - Politiet er interesserte i å avhøyre han om kjennskapen han har til forsvinninga. Om han veit kvar ho er, eller kva som har skjedd med ho, seier politiinspektør Svein Erik Krogvold i Hordaland politidistrikt til Bergens Tidende.

27-åringen blei pågripen måndag og sett i avhøyr måndag kveld. Ifølgje vakthavande jurist Steinar Andersen har 27-åringen status som sikta i saka. Siktinga er ikkje formelt utforma.

Det viktigaste sporet politiet så langt har hatt, har vore utskrifter frå mobiltelefonen hennar.

Ifølgje mannen som sist såg Rebecca, var det truleg ein kunde som plukka opp den prostituerte 27-åringen utanfor hospitset der ho heldt til like før midnatt 2. desember. Ho sette seg inn i ein kvit bil. Sidan har ingen sett ho. (©NTB)