Reformtilhengarar leier i Teheran-val

Reformtilhengarar og uavhengige teknokratar ser ut til å ha vunne valet på nytt byråd i Irans hovudstad Teheran.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Ei kvinne gir si stemme i byen i byen Qom, 120 km sør for Teheran. Fredag stemte iranarane på lokalt byråd i det som vart den første testen for president Mahmoud Ahmadinejad og hans allierte sidan han kom til makta i 2005. (Foto: Reuters /Morteza Nikoubazl /Scanpix)Ei kvinne gir si stemme i byen i byen Qom, 120 km sør for Teheran. Fredag stemte iranarane på lokalt byråd i det som vart den første testen for president Mahmoud Ahmadinejad og hans allierte sidan han kom til makta i 2005. (Foto: Reuters /Morteza Nikoubazl /Scanpix)

Teheran (NTB-AFP): Ultrakonservative tilhengjarar av president Mahmoud Ahmadinejad ligg langt dårlegare an.

Då 32 prosent av stemmene var talde opp tysdag, låg den moderat konservative borgarmeisteren Mohammed Baqer Qalibafs allierte an til å bli den største gruppa i det nye byrådet. Denne gruppa såg ut til å få 8 av dei 15 plassane, melde iransk fjernsyn.

Fire erklærte Reformtilhengarar var etter alt å dømme valt inn, etter at denne gruppa mista alle plassane sine i byrådet ved det førre lokalvalet i februar 2003. Berre to av Ahmadinejads tilhengarar var tysdag morgon sikra plass i byrådet. (©NTB)

Personvernpolicy