50 prosent fleire bustadbrannar
Levande lys er stemningsskapande, men kombinasjonen tende lys og juledekorasjonar kan vere farleg. (Foto: Marius Muresan)
I desember er det 50 prosent fleire bustadbrannar enn i ein gjennomsnittleg månad elles i året.
- Alle må vere ekstra merksame på brannfarane som følgjer med julefeiringa, seier skadedirektør i Vesta Forsikring, Anne Stine Mollestad.
Førehandsreglar
Elektriske smålys i adventsstjerner, juletre og juledekorasjonar lyser opp i vintermørket over heile landet. Men slike lys er meir brannfarlege enn det folk er klar over.
- Det er viktig å ta nokre førehandsreglar: Skru av julelysa om natta og når du ikkje er heime. Og sjekk at røykvarslaren fungerer, oppmodar Mollestad.
25 prosent utan røykvarslar
Vi tenner 17 millionar levande lys i desember. Dette påverkar også talet brannar. I tillegg er det mange som gløymer å sjå etter grytene på komfyren i all juleståket. Og når røyk og eld først har spreidd seg, er det mange som ikkje vert varsla.
Statistikk syner at heile 25 prosent av dei omkomne i bustadbrannar dei fem siste åra ikkje hadde røykvarslar, eller at den ikkje fungerte. Det uroar avdelingsdirektør Tor Suhrke i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).
- Hadde desse bustadene vore utstyrte med røykvarslarar, ville truleg fleire liv vore sparte. Røykvarslarar reddar minst 10-20 liv kvart år i Norge, seier Suhrke til nettstaden brannvernforeningen.no.
Aksjon bustadbrann
Kvar desember månad står Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Norsk brannvernforening og Gjensidige bak kampanjen Aksjon bustadbrann. 40 000 norske heimar får tilbod om ein gratis og uforpliktande sjekk av brann- og el-tryggleiken. Tidspunktet for kampanjen er ikkje tilfeldig.
- Vi går inn i den tida på året då talet på bustadbrannar aukar fordi folk trekkjer innandørs, skrur på varme og lys, tenner levande lys og fyrer i omnen, forklarer Suhrke.
500 000 menneske i Noreg går gjennom julehøgtida utan røykvarslarar som fungerer.
Har du bytta batteri og sjekka at brannvarslaren pip om uhellet skulle råke bustaden din?
Kjelder: Agderposten, vesta.no, brannvernforeningen.no