Ja til skreddarsydde barn

Regjeringa vil tillate at foreldre kan «skreddarsy» barn for å redde ei alvorlig sjuk søster eller ein bror.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Illustrasjonsfoto: Ullevål universitetssykehus)(Illustrasjonsfoto: Ullevål universitetssykehus)

Oslo (ANB): Den nye bioteknologilova er eit kompromiss mellom regjeringspartia SV, Senterpartiet og Arbeidarpartiet, og forslaget vil bli lagt fram på nyåret.

SV og Sp må godta såkalla donorsøsken, men det vil ikkje verte bygd opp eit nasjonalt senter for preimplantasjonsdiagnostikk (PGD) i Noreg, skriv Aftenposten.

Det betyr at foreldre som ønskjer å lage eit nytt barn for å redde eit anna alvorlig sjukt barn, må førebu seg på å reise til utlandet. Også genetisk undersøking av befrukta egg for å sortere vekk alvorlig sjukdom, vil i hovudsak skje i utlandet. (ANB)

Personvernpolicy