Passar for dårlig på farlege pasientar

6 av 20 rømmingar frå psykiatriske sikkerhetsavdelingar har enda med vald eller kriminalitet. - Vi må bli flinkare til å passe på dei som er farlige, seier statssekretær Wegard Harsvik.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Illustrasjonfoto: Scanpix)(Illustrasjonfoto: Scanpix)

Oslo (ANB): Frå 2002 til 31.oktober 2006 har 20-25 personar rømt frå dei tre regionale tryggleiksavdelingane for psykiatriske pasientar som blir rekna som farlege for seg sjølv eller andre. Seks av desse rømmingane enda i gisseltaking, vald, ran eller sjølvmord, viser ei oversikt frå Sosial- og helsedirektoratet.

De regionale tryggleiksavdelingane behandlar mellom anna kriminelle med psykiske lidingar.

- Vi ser at når nokon rømmer, er risikoen høg for at noko skjer. Vi må bli flinkare til å vurdere farlige pasientar. Og vi må bli flinkare til å passe på dei som er farlige. Det betyr ikkje at det er dårlig i dag, men det er rom for forbetringar, seier statssekretær Wegard Harsvik i Helse- og omsorgsdepartementet til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

Personvernpolicy