Stengjer Hardangervidda i julehelga

Riksveg 7 over Hardangervidda blir stengd for trafikk i julehelga.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Brøytetraktor i gang i nærleiken av Haugastøl på Riksveg 7 over Hardangervidda. (Foto: Birger Morken / Scanpix)Brøytetraktor i gang i nærleiken av Haugastøl på Riksveg 7 over Hardangervidda. (Foto: Birger Morken / Scanpix)

(NPK): Vegen blir stengd allereie vesle julaftan klokka 23.30, og opnar att tredje juledag klokka 07.00. Vegen blir opna tidlegare om vêret er godt, opplyser Statens vegvesen.

E6 Saltfjellet og E10 Bjørnfjell i Nordland blir også stengd julekvelden klokka 17.00, men opnar att allereie første juledag klokka 07.00.

Også nyttårshelga blir Hardangervidda stengd, då frå nyttårsaftan klokka 15.00 fram til 3. januar. Bjørnfjell blir stengd nyttårsnatta frå klokka 19.00 til klokka 12.00.

Andre fjellovergangar har vanleg nattstenging i jule- og nyttårshelga. (NPK)

Personvernpolicy