Omskjering beskyttar mot hiv og aids

Artikkelen fortsetter under annonsen

To ferske studiar syner at omskjering kan redusere talet på hiv-smitta heteroseksuelle menn med 50 prosent.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Studiane er utførte på til saman 8 000 afrikanske menn, kor halvparten av gruppa blei omskore, medan den andre halvparten ikkje var det. Alle mennene blei følgde nøye opp og blei oppmoda om å bruke kondom. Dei blei og rutinemessig testa for hiv.

Det er under forhuda på ein penis at hiv-viruset har best kår. - Omskjering kan vere ei løysing, hevda forskarar under ei konferanse i Bethesda i USA denne veka. (Illustrasjonsfoto: Modell av hiv-viruset. Richard Feldmann/National Institutes of Health)Det er under forhuda på ein penis at hiv-viruset har best kår. - Omskjering kan vere ei løysing, hevda forskarar under ei konferanse i Bethesda i USA denne veka. (Illustrasjonsfoto: Modell av hiv-viruset. Richard Feldmann/National Institutes of Health)

- Moralsk forplikta


Halvvegs i undersøkingane oppdaga båe forskarteama at det var vesentleg færre omskorne menn som fekk hiv enn i gruppa av menn som ikkje var omskorne.

Oppdaginga fekk forskarane til å avbryte før testperioden var heilt over, då dei meinte det mest etiske var å la båe kontrollgruppene få kjennskap til denne informasjonen.

Ein liknande studie som blei utført i Sør-Afrika i fjor kom til same resultat: Omskjering førte til 60 prosent færre tilfelle av hiv-smitte. Også her blei studien avbroten før testperioden var heilt omme.

- Folk døyr, og me er moralsk forplikta, sa Bertran Auvert, ein fransk forskar som var med i den sørafrikanske studien i fjor, ifølgje Washington Post. - Eg seier ikkje at alle skal omskjere seg, men me må gjere det muleg, tilgjengeleg og rimeleg.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Stadfestar gammalt nytt


Studiane frå Uganda og Kenya, som eigentleg skulle halde på til våren 2007, blei presenterte på ein konferanse i The National Institutes of Health i Bethesda i USA onsdag. Resultata forskarane la fram, var ikkje heilt nye.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Mange studiar har vore inne på at mannleg omskjering beskyttar mot hiv. Det seier Anthony S. Fauci, M.D i ei pressemelding som The National Institutes of Health sende ut onsdag. - No får me stadfesta dette, frå store, godt kontrollerte studier. Desse syner at medisinsk utført omskjering senkar risikoen vesentleg for at menn skal pådra seg hiv gjennom heteroseksuelle samleie.

Ikkje seksuell åtferd


Tidlegare har ein trudd at desse resultata hang saman med ulik seksuell åtferd hjå omskorne og ikkje-omskorne menn. No har forskarane kome fram til at det er sjølve omskjeringa som er avgjerande. Ved mannleg omskjering er det den tynne forhuda på penis som blir skoren vekk. Dermed fjernar ein dei cellene som er mest sårbare for hiv-viruset.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I tillegg får ein omskoren penis tjukkare hud og blir dermed meir motstandsdyktig mot hiv.

Er på glid


Forskarane åtvara verda mot å ta dette til seg som noko anna enn ei avgrensa løysing på hiv- og aids-problematikken, men oppmoda heller til å sjå omskjering som ein del av ein breiare tryggingsstrategi.

Verdsbanken og fleire store, amerikanske selskap gjekk onsdag ut med ei felles fråsegn om at dei såg på dei nye forskingsresultata «med stor interesse». Det statlege amerikanske aids-programmet har sagt at dei kan vere med og tilby hjelp til omskjering «når internasjonale retningslinjer er på plass».

Kjelder: BBC, Washington Post og UNAIDS.

  • Sidan oppdaginga av hiv og aids på byrjinga av 80-talet, har om lag 65 millionar kvinner og menn blitt råka av viruset og sjukdommen. Flesteparten av dei 38,6 millionar menneska som lever med hiv (2005-tal), veit ikkje om at dei har viruset.

  • Berre ein av fem som er i risikosona for å få hiv har tilgang til grunnleggjande førebyggingstenester, medan berre ein av åtte som ønskjer å teste seg, har høve til det.

  • Tal frå UNAIDS syner at ein treng 114 milliardar kroner berre i 2007 for å handtere hiv og aids. Afrika er den delen av verda som har størst trong til hjelp.

Meir om helse og samliv i Neste Klikk:

ABC Startsida: