Fuglesang fekk sjå nordlyset

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den svensk-norske astronauten Christer Fuglesang fekk oppleve eit storslått nordlys idet romstasjonen passerte over Nord-Europa natt til fredag.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: http://www.flickr.com/photos/nickrussill/150410999/)(Foto: http://www.flickr.com/photos/nickrussill/150410999/)

Houston (NTB-TT): Fuglesang var ute på sitt andre oppdrag på utsida av Den internasjonale romstasjonen (ISS), og var i ferd med å montere ei ny elektrisitetsforsyning då lysfenomenet utspelte seg under han.

- Wow, ropte den svensk-norske astronauten lykkeleg, før han spurte den noko meir erfarne amerikanske kollegaen sin Robert Curbeam om det verkeleg var ein aurora borealis dei var vitne til.

- Ja, det er heilt klart ein aurora, Christer, svara Curbeam som torsdag var ute på sin femte spasertur i verdsrommet.

Berre nokon minutt tidlegare hadde bakkekontrollen i Houston varsla Fuglesang om at romstasjonen var på veg inn over Sør-Sverige.

- Eg er sikker på at du har sett mange slike nordlys tidlegare, sa Curbeam til den svensk-norske kollegaen sin. (©NTB)