Stor auke i varme julereiser
Nordmenn set kursen mot sydlegare breiddegrader i jula. (Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix)
(NPK): Vårt Land melder at Star Tour i år har 10-15 prosent auke på sine julereiser samanlikna med i fjor.
Salet av pakketurar hos selskapet er denne jula dobbelt så stort som for to år sidan. Julereiser hos Apollo i år ein auke på 30 prosent. Salssjefen i selskapet, Erik Haug, karakteriserer reiselysta som enorm.
- Det er det beste julesalet vi har hatt i manns minne minne, seier han til Vårt Land. Ifylgje avisa reiser rundt 60.000 nordmenn på chartertur til varmare strøk i jula.
Etterlyser samanheng
Framtiden i Våre hender oppmodar dei reisande til å tenkja gjennom samanhengen mellom flytrafikk og endringane i klimaet og til å betala for CO₂-utslepp ein påfører klimaet når ein reiser med fly.
Sidan april i år har folk kunna gjera dette på nettstaden mittklima.no, men så langt har berre om lag 800 personar nytta seg av ordninga. Det utgjer ifylgje Vårt Land berre 0,7 promille av flytrafikken i november med SAS Braathens og Norwegian. (NPK)