Vestlendingar på reflekstoppen
Folk i Rogaland og Sogn og Fjordane er flinkast til å bruke refleks. (Illustrasjonsfoto: Erlend Aas / Scanpix)
(NPK): Etter at haustmørket har senka seg, er folk blitt flinkare til å bruke refleks over heile landet. Men framleis er det alt for få som sørgjer for å bli sett langs vegen i lange, mørke kveldar. Fire av fem fotgjengarar er nesten usynlege i mørket.
Trygg Trafikks refleksteljingar viser at 18,3 prosent av fotgjengarane brukte refleks i slutten av november.
- No må folk skjerpe seg. Fest eit par refleksar på jakka i dag, så blir du tryggare i trafikken resten av vinteren, oppmodar Janne Schumann som er prosjektleiar for refleks i Trygg Trafikk.
Rogalendingane har skjerpa seg frå oktober til november, nesten halvparten brukte refleks i november, 45 prosent. Rogaland har dermed passert Sogn og Fjordane som var best ved førre måling, men som no har gått tilbake til 38 prosent. Begge desse fylka ligg langt over landsgjennomsnittet. (NPK)