- Føler meg fri med fela

Artikkelen fortsetter under annonsen

Med fela mellom hendene kjenner eg meg fri. I folkemusikken får eg vere meg sjølv og uttrykkje meg som eg vil, seier Jorun Marie Kvernberg. Musikaren frå Fræna i Romsdal kom nyleg ut med si første sol

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Johanne Landsverk, NPK

- Fela og folkemusikken har vore der heile livet sidan barndommen. Fela er knytt til heile identiteten min, seier Jorun Marie Kvernberg. (Foto: Yina Chan, frilans, NPK)- Fela og folkemusikken har vore der heile livet sidan barndommen. Fela er knytt til heile identiteten min, seier Jorun Marie Kvernberg. (Foto: Yina Chan, frilans, NPK)

Det verkeleg sprutar av energi når Jorun Marie Kvernberg står og sprudlar på scena. Med ei enorm utstråling og eit lurt smil gyv ho laus på knivskarpe, skeive slåttar frå Nordmøre og lette, lystige danseslåttar frå Romsdal.

- I folkemusikken kan eg vise glede på scena. Det er noko kvardagsleg over folkemusikksjangeren som er så frigjerande, seier Jorun Marie Kvernberg.

Tradisjonell slåttemusikk


På den nye soloplata hennar, som har fått tittelen «Album», syner Kvernberg fram den musikalske bakgrunnen ho har frå nordvestlandet. Her har bygdedans og gammaldans fått like stor plass. På fleire av slåttane har ho med seg Øyvind Sandum på trekkspel.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Dette er ei tradisjonell plate som eg har laga til ære for den gamle folkemusikken. Her spelar eg tradisjonell slåttemusikk og gammaldansmusikk frå Nordmøre og Romsdal. Det som overraskar meg, er kor stor interesse media har vist for soloplata mi. Korkje lokalaviser, riksaviser eller NRK synest tydelegvis at denne musikken er for smal, seier ho.

Musikar i Majorstuen
Kvernberg er truleg mest kjend som ein av musikarane i gruppa Majorstuen, som før jul lanserte si tredje plate med tittelen «Juledrøm». Ho er også ein av tre musikarar i gruppa Tindra, som gav ut si første plate i vår.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Både i studietida og i åra etterpå har eg prioritert å spele i lag med andre, særleg i Majorstuen og Tindra, fortel Kvernberg.

Men ho har i fleire år vore heilt i toppsjiktet som soloartist, og kan skilte med topplasseringar i A-klassa på Landskappleiken dei siste åra.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Kvart år er Landskappleiken ei stor utfordring for meg som solist. Deltakinga på Landskappleik gjev stor motivasjon til solospelet mitt.

No ønskjer ho å satse meir på ein solokarriere, og ho er mellom anna plukka ut til å delta som soloutøvar i semifinalen i lanseringsprogrammet Intro-folk i 2007.

Frå ein musikarfamilie


Kvernberg kjem frå Fræna i Romsdal, der ho voks opp i ein musikarfamilie. Saman med broren Ola Kvernberg, som er ein svært profilert fiolinist, lærte ho felespel av mora.

- I oppveksten hadde vi spelemannslag. Det var mor, Ola og meg, pluss to andre ungar frå bygda. På repertoaret stod først og fremst slåttar frå Tresfjord. Mor hadde lært mykje spel av far sin, Peter L. Rypdal. Heime i Tresfjord hadde han i si tid ein viss status som musikar. Bestefar ville nok helst satsa på musikken, men han var gardbrukar og hadde mange ungar, og det var ikkje så enkelt leve som musikar på den tida. Han døydde då eg var 8 år.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mørkeraud og eirgrøn musikk
- Korleis vil du beskrive slåttemusikken du spelar?

- Det er ikkje lett å generalisere, for det er ofte snakk om at enkelte personar har sin eigen stil. Felespelaren Ole Blø frå Midsund i Romsdal har noko eg kallar for kyststil. I dette øysamfunnet fekk moderne runddansmusikk tidleg rotfeste, og Blø spelar ein lystig og lett dansemusikk med mykje luft i spelet. Musikken til bestefar var derimot påverka av militærmusikk, og hadde meir fokus på ein såkalla vakker klang. Det var eit meir korrekt, klassisk preg over dette spelet. Slåttane frå Nordmøre er gjerne meir kvasse med ein skarp brodd. Mykje av dette slåttespelet har eldre tonalitet, det er eit skeivt spel med ein god del mollstemte slåttar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det er ikkje så lett å beskrive musikken, men eg ser for meg slåttemusikken til Ole Blø som eirgrøn og munter, musikken frå Tresfjord er mørkeraud og sindig medan slåttane frå Nordmøre er sølvblå og knivskarpe, seier Kvernberg.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ole Blø er elles eitt av det store førebileta hennar, og i fjor komponerte ho slåtten «Blø» til 85-års dagen hans.

Heime i folkemusikken


Ho fekk tidleg klassisk opplæring på fiolin, og planen var å utdanne seg på Musikkonservatoriet.

- Etter vidaregåande skule kom eg inn på konservatoriet i Trondheim. Men så bestemte eg meg i staden for å ta eit kvileår på Voss folkehøgskule. Etter kvart fann eg ut at folkemusikken passa betre for meg. Eg kjende meg heime i det folkemusikalske scenespråket. Det var dette muntre og upretensiøse eg hadde vore ute etter.

Utøvar, komponist og arrangør


Kvernberg har teke utøvande folkemusikkutdanning ved Norges Musikkhøgskole med hardingfele og fele som hovudinstrument. I dag livnærer ho seg som frilans folkemusikar. Ho er også komponist, og komponerer mykje musikk for gruppene Tindra og Majorstuen. I 2004 fekk ho Edvard-prisen for tingingsverket som ho laga til NRK ved opninga av «Alltid folkemusikk».

Artikkelen fortsetter under annonsen

I Majorstuen er ho kjent for å gjere ein stor innsats både som utøvar og arrangør. I år kom gruppa med ny juleplate.

- Vi har vore i julestemning i to år no. «Juledrøm» er blitt veldig variert, med songar frå ulike distrikt av landet. Vi inviterte med oss fem personlege favorittsongarar, Gunnlaug Lien Myhr, Jon Anders Halvorsen, Marit Mattisgard, Gro Kjelleberg Solli og Camilla Granlien. Repertoaret spenner frå svært kjende til ukjende julesongar.

- Kva for planar har du framover?

- Etter jul skal eg truleg til India med Tindra. Vi skal halde skulekonsertar der, og eg trur det blir eit skikkeleg artig prosjekt.

- Kva betyr folkemusikken for deg?

- Fela og folkemusikken har vore der heile livet sidan barndommen. Fela er knytt til heile identiteten min. Utan fela kan eg bli veldig beskjeden, og kva ville livet mitt ha vore utan fela? (NPK)