Vil ha slutt på ulovleg juletresal

I desember blir det selt juletre for nærmare to millionar kroner her i landet, men ikkje alle juletrea blir selt på lovleg vis.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Juletre for rundt 100 millionar kroner blir omsett svart. (Illustrasjonsfoto: Scanpix)Juletre for rundt 100 millionar kroner blir omsett svart. (Illustrasjonsfoto: Scanpix)

(NPK): Svart juletrehandel er eit stort problem. Bransjen sjølv meiner tre for rundt 100 millionar kroner blir omsett svart. No ber dei Skattedirektoratet sjå på saka.

- Det er viktig at vi får rydda opp, seier Ragnar Swift, styreleiar i Norsk Pyntegrønt til Nationen. Foreininga meiner det særleg blir juksa med importerte tre, spesielt frå Danmark. Import av danske juletre utgjer kvart år rundt 500.000 juletre.

- Nokre rykte i Danmark fortel at over 80 prosent av eksporten til Noreg er tukla med. Andre rykte hevdar om lag 40 prosent. Dette betyr at danskane har sett svart omsetnad i system. Dette utgjer eit kraftig trugsmål for norske produsentar, heiter det i brevet frå Norsk Pyntegrønt til Skattedirektoratet. Bransjen er heller ikkje i tvil om at mange norske juletre blir selt svart. (NPK)

Personvernpolicy