Sørlandsfirma viser veg med klimakvote

Artikkelen fortsetter under annonsen

Miljøvernminister Helen Bjørnøy oppmoda tidlegare i haust nordmenn til å endra vanar for å betra klimaet. Sørlandsfirmaet GRID Arendal, som er eit forskingssenter under FN, har teke statsråden på orde

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Illustrasjonsfoto: Alf Ove Hansen / Scanpix)(Illustrasjonsfoto: Alf Ove Hansen / Scanpix)

(NPK): Ifylgje Dagsavisen er selskapet det første i landet som har inngått avtale med eit reisebyrå om å kjøpa klimakvotar på flyreiser. For kvar gong ein av dei tilsette set seg på eit fly, betaler selskapet 228 kroner ekstra. Pengane går til tiltak for å betra klimaet i Sentral-Asia, Kaukasus og andre land i Aust-Europa og andre land i Aust-Europa. Avtalen kostar Sørlandsfirmaet 37.400 kroner i året. Direktør Peter Prokosch meiner dette er noko alle bedrifter har råd til.

- Det er viktig å trekkja andre bedrifter og organisasjonar med i dette, særleg fordi det ikkje finst ei internasjonal miljøavgift på fly, seier han til Dagsavisen. (NPK)