Graffitituristar grisar ned New York

Artikkelen fortsetter under annonsen

Størstedelen av dei større graffitimåleria i New York blir no utført av utlendingar på besøk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Illustrasjonsfoto: Foto: Gunnar Lier / Scanpix)(Illustrasjonsfoto: Foto: Gunnar Lier / Scanpix)

(NPK): Ifølgje spesialstyrken som arbeider med hærverkssaker i New York-politiet, er det i aukande grad europearar som står bak.

Leiaren for spesialstyrken, Steven Mona, seier til tabloidavisa Daily News at det ikkje er noko nytt at utlendingar legg att sine bumerke på veggene i byen på denne måten, men at det har vore ein stor auke dei siste åra. Graffitiverka blir avfotografert og lagt ut på internett.

Graffitikunsten oppstod nettopp i «The Big Apple», men nulltoleransepolitikken til politiet på 1990-talet gav gode resultat. I staden er det no graffitituristar frå Skandinavia, Tyskland, Italia og Polen som står bak eit aukande tal graffitikunstverk på t-banevogner og husvegger, skriv Dagens Nyheter. (NPK)