Forbyr minnemarsj for Politkovskaja

Artikkelen fortsetter under annonsen

Russiske styresmakter har forbode ein planlagt marsj til minne om den drepne journalisten Anna Politkovskaja i Moskva.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Arkivbilde av journalist og forfattar Anna Politkovskaja frå då ho tok imot Olof Palmeprisen for 2004 i Stockholm. (Foto Claudio Bresciani / SCANPIX)Arkivbilde av journalist og forfattar Anna Politkovskaja frå då ho tok imot Olof Palmeprisen for 2004 i Stockholm. (Foto Claudio Bresciani / SCANPIX)

Moskva (NTB-AFP): - Dette er ei underleg historie. Fascistar, ekstremistar og nasjonalistar får organisere marsjar, men vi blir nekta å heidre minnet til ein drepen journalist, seier leiaren for den russiske journalistunionen, Igor Iakovenko.

Politkovskaja, som i årevis hadde markert seg som ein uredd kritikar av Russlands brot på menneskerettane i Tsjetsjenia, blei skoten og drepen på open gate i Moskva i oktober.

Styresmaktene si avgjerd om å forby laurdagens planlagde minnemarsj føyer seg inn i rekkja av åtak mot pressefridomen etter at president Vladimir Putin kom til makta i Russland.

I staden for minnemarsj oppfordrar no den russiske journalistunionen innbyggjarane i Moskva om å heidre minnet til Politkovskaja med eitt minutts stille på Pushkin-plassen laurdag. (©NTB)