Vil selje angrepille i butikken

Artikkelen fortsetter under annonsen

Statens legemiddelverk rådar i ein rapport til Helse- og omsorgsdepartementet å gjere angrepiller meir tilgjengeleg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix)(Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix)

(NPK): Dermed kan ein i framtida kanskje få kjøpe angrepiller i daglegvarebutikkar eller på bensinstasjonar, melder Aftenposten.

Legemiddelverket meiner betre tilgjenge vil føre til færre uønska graviditetar. Kvart år tar 14.000 kvinner abort, aldersgruppa mellom 20 og 24 år toppar statistikken.

Det er tre år sidan til dømes smertestillande midlar kunne seljast i vanlege butikkar. Rapporten konkluderer med at større tilgjenge på legemidlar ikkje har gitt store endringar i forbruket og det er ikkje funne teikn på auka feilbruk.

Kristeleg Folkeparti vil derimot kjempe imot forslaget.
- I utgangspunktet er eg for at desse pillene skal vere på resept, seier Laila Dåvøy, helsepolitisk talskvinne i KrF. Ho får støtte frå kollegaer i Helse- og omsorgskomiteen. (NPK)