Fann dotter etter 24 år

I 1982 kidnappa ein soldat fire år gamle Gregoria i El Salvador. Tysdag traff mor og dottar kvarandre att.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Illustrasjonsfoto: Scanpix)(Illustrasjonsfoto: Scanpix)

Oslo (ANB): I 24 år har åttebarnsmora Maura Contreras frå El Salvador leita etter dottera Gregoria og to av dei andre barna sine. Dei tre vart kidnappa av soldatar under borgarkrigen i det latinamerikanske landet.

Ved hjelp av ei gruppe som spesialiserer seg på å finne bortkomne barn, klarte Contreras å spore opp Gregoria, som vaks opp med kidnapparen sin familie. Det var eit anonymt brev frå ein soldat som førte henne på rett spor, melder Reuters.

Det vart eit tårevått møte då mor og datter traff kvarandre tysdag. Kva som har skjedd med de to andre barna til Contreras er ikkje kjent.

Minst 700 barn blei bortført frå foreldra sine under borgarkrigen i El Salvador. (ANB)

Forsidefoto: Cornelius Poppe, Scanpix

Personvernpolicy