Rice slår tilbake mot Kofi Annan

USAs utanriksminister Condoleezza Rice slår tilbake mot kritikken frå FNs avtroppande generalsekretær Kofi Annan.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

USAs utanriksminister Condoleezza Rice (t.h.) meiner Kofi Annans kritikk av Bush-administrasjonen sin utanrikspolitikk er urettferdig. (Foto: REUTERS/Jim Young/SCANPIX)USAs utanriksminister Condoleezza Rice (t.h.) meiner Kofi Annans kritikk av Bush-administrasjonen sin utanrikspolitikk er urettferdig. (Foto: REUTERS/Jim Young/SCANPIX)

Washington (NTB-AFP): Annan nytta måndag sin siste tale som generalsekretær til å kritisere USA for aleinegangen i utanrikspolitikken og for å undergrave viktige menneskerettsprinsipp.

Talen blei halden i Harry Trumans presidentbibliotek i Independence i Missouri, og Annan siterte blant anna Trumans åtvaring om at «ingen nasjon kan skape tryggleik for seg sjølv ved å søkje overherredømme over alle andre».

Annan nemnde verken Irak eller Bush-administrasjonen direkte i talen, sjølv om adressa var klar og kritikken mot Irak-krigen og doktrinen om førehandsåtak var tydeleg.

- Når det blir brukt makt, spesielt militærmakt, vil verda sjå det som legitimt berre når verda er overbevist om at maktbruken er til det rette føremålet, for målsetjingar som delast av dei fleste og som er i samsvar med breitt aksepterte normer, sa han.

Kritikken var openbert tung å svelgje for USAs utanriksminister Condoleezza Rice som meiner at Annan burde ha trekt fram alt det positive USA i hennar auge har utretta dei siste to åra. (©NTB)







Personvernpolicy